Landbruk og viltforvaltning

Giske kommune kjøper landbrukstenester tilsvarande 0,5 årsverk frå Haram kommune.

Giske er ein middels stor landbrukskommune i Møre og Romsdal. Etter ein kraftig strukturrasjonalisering frå slutten på 1990 talet, har no antall gardsbruk i drift stabilisert seg på om lag 35. Desse gardbruka driv om lag 9000 dekar med jordbruksareal, kor om lag 60-70% er leigd areal.

Det vert utført 43 årsverk dirkete i landbruksproduksjonen. Kvart årsverk i landbruket skaper ein til to arbeidsplassar i andre tilstøytande verksemnder.

Matproduksjonen og råvarer frå jordbruket i Giske har ein salsverdi på om lag 30 millioner i året. Om lag 80% av dette kommer frå mjølkebruka inkludert kjøtproduksjon. Resten kommer frå sau, ammekyr og gris.

Det er positive trekk i landbruket i Giske kommune. Det ser ut som det er bra interesse for å overta bruk som er i drift og det er eit aktivt Bondelag i kommunen.

Kommunen sin viktigaste oppgåve for å oppretthalde og utvikle landbruket i kommunen er ei stødig arealforvalting , der ein tar omsyn til dyrka jord og unngår fragmentering av samanhengande jordbruksareal.

Landbrukskontoret er sekretæriat for viltnemnda. Bestanden av hjort er igjen aukande - det vart felt 58 dyr i 2017 ein fellingsprosent på 77%. I Giske er det ein relativt stor rådyrbestand - i 2017 vart det felt 83 dyr ein fellingsprosent på 76%.