Finansinntekter / finansutgifter

Netto finansutgifter i 2019 vart kr 49 348 003. Finansplasseringar etter finansregl. § 8 gav ein gevinst på 11 442 000, denne var i justert budsjett budsjettert med gevinst på 6,4 mill kr. Renteugifter vart 2,4 mill kr høgre enn budsjettert, dette som følgje av endringar i rentenivået og for lav avsetning til påløpte renter i 2018. Samla vart netto finansutgifter kr 49 348 000 og ca 1,5 mill. kr lavere enn justert budsjett. Til samanlikning var netto finansutgifter i 2018 på kr 56 202 227.

Alle tal i heile 1 000
Renter og avdrag på lån til investeringar 2019 2018 2017 2016 2015
Renter løpande lån 28 526 25 498 25 884 28 214 25 731
Avdrag løpande lån 34 322 31 882 31 132 29 720 29 033
Sum renter/avdrag 62 848 57 380 57 016 57 934 54 764
Alle tal i heile 1 000

Avkastning på kapital frå langsiktige kapitalplasseringar

Avkastning på kapital frå langsiktige kapitalplasseringar
Bank / forvaltar: Marknadsverdi/saldo pr. 31.12.2019 Renter / avkastning 2019
Carnegie Kapitalforvaltning aksjar, pengemarknad 0 256
ODIN 38 001 3 316
Sparebanken Møre bankinnskot, aksjar, obligasjonar, eigenkapitalbevis. 86 601 7 870
Sum: 124 602 11 442

I tidsrommet 2000 – 2019 har Giske kommune hatt ei gjennomsnittleg årleg avkastning på 10 mill. kr pr. år, dvs. 180 mill. kr over 19 år.