Skatt - rammetilskot - finans

Skatt og rammetilskott

Giske kommune fekk i 2019 kr 475 221 666 i skatt og rammetilskot gjennom inntektssystemet. Dette var kr 1 145 667 meir enn justert budsjett. Skatteinngangen for Giske kommune vart 7 mill. kr høgre enn justert budsjett, Giske kommune hadde i 2019 skatt på 90,1% av landsgjennomsnittet noko som gav utslag i mindre inntektsutjamning.

Øvrige generelle statstilskot

Kommunen fekk i 2019 utbetalt kr 1 588 724 i rentekompensasjon frå skulepakke, kyrkjepakke og omsorgsbustader. Dette var kr 811 276 lågare enn justert budsjett, og kjem av den lave lånerenta.

Det vart utbetalt 307 674 kr frå Havbruksfondet. Dette var det ikkje budsjettert med.

Eigedomsskatt

Eigedomsskatt vart utskrive både på verk og bruk, bustad og fritidseigedommar. Ved fastsetjing av skatteverdien for bustadeigedommar vart formuesgrunnlag frå skatteetaten nytta, medan det vart leigd takstfolk for taksering av fritidseigedommar, verk og bruk samt bustadeigedommar der formuesgrunnlag ikkje var fastsatt av skatteetaten. Satsen for eigedomsskatt vart satt til 2 ‰, Inntektene frå eigedomsskatt vart 14,8 mill. kr, 1 mill. kr høgre enn opprinneleg budsjett, og kr 510 581 høgre enn justert budsjett. Auken kjem av høgre formuessgrunnlag.