Overordna mål og satsingar

Giske kommune skal halde ein høg etisk standard i samsvar med etisk reglement. Reglementet vert årleg gått gjennom og drøfta i kommunestyret og med dei tilsette.

Giske kommune har eit overordna internkontrollsystem og arbeider med kontinuerlig forbetring på dagsorden.

Overordna mål

Dei overordna måla til Giske kommune blir gitt i kommuneplanens samfunnsdel. Vi arbeider etter Samfunnsplanen for åra 2014-26. Den legg til grunn at Giske skal vere ei samspelkommune. I samspelkommunen legg ein at eige ansvar, frivillig innsats og profesjonelle tenester spelar på lag på nye og kreative måtar. Dette er viktig i dag og i framtida, og særlig når vi ser korleis demografien i kommuna vil utvikle seg i same periode.

Satsingsområda som er valg for perioden er følgande:

  • Vere ein god plass å bu - der alle vil bu
  • Ha gode levekår
  • Vere ein god næringskommune
  • Ha eit rikt kulturliv

Satsingar

Basert på satsingsområda i samfunnsplanen har kommuna i 2019 arbeid med følgande hovedområder:

  • "Drift i balanse": For å kome ut av ROBEK må vi endre oss. I 2019 har fokuset vore å arbeide med tiltak for å ta ned drifta. Arbeidet må vidaraførast i 2020.
  • Omstillingsprogrammet «Tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av ny teknologi»: fokus i 2019 har vore å ta i bruk eksisterande verktøy og arbeide med arbeidsprosessane knytt til dette. Blant anna skal nettbaserte løysingar for intern kommunikasjon og informasjon vidareutviklast.
  • Kommuneval 2019: I 2019 ble i det gjennomført kommunaval med ei valdeltaking på xx%. Ny kommunelov vart delvis gjort gjeldande frå hausten 2019, og danna og grunnlag for ny politisk organisering.
  • Prosjekt "Giske 2020": handla om å sette fart på Giske som ein god nabo til Nye Ålesund. Det har vore lagt ned mykje arbeid i forhold til avklaring av kva tenester skal vi produsere sjølv, og kva skal vi samhandle med andre om. Det har blant anna blitt arbeid med nye samhandlingsavtaler med Nye Ålesund.
  • Smartby-satsing: Giske er saman med Ålesund og Sula med i Smartby-satsinga.Dette gir oss unike muligheiter til å utvilke framtidretta smarte tenester og enklare innbyggardialog. Ein del av dette er deltaking i framtidslabben ved NMK (Norsk maritimt kompetanasesenter).
  • Sjølvhjelpte innbyggara: Gjere innbyggarane sjølvhjelpte lengst mogeleg og ha realistiske forventningar til kva kommunen kan levere av tenester. Gjennom dialog, medverknad og engasjement skal ein saman definere grensene for kva det offentlege kan tilby og kva den enkelte må ta ansvar for gjennom tilrettelegging ved livsendringar. Frivillige lag og organisasjonar har ei naturleg rolle i dette arbeidet.
  • Innbyggarmedverknad skaI ha fokus ut over det som følgjer av lov og forskrift. Samspel med innbyggarane skal ha høg prioritet. Tankegangen bak metoden «samskaping» skal nyttast som modell for arbeidet.