VAR tenestene (vatn, avløp, renovasjon, slam og feiing)

Arbeid med ny hovudplan vatn og avløp har pågått i 2019. I samband med at kommunen fekk avtale med samferdselsdepartemet om mudring av fiskerihamna, vart arbeidet med å planlegge infrastruktur for området Gjøsund/Sætra prioriert. Arbeidet med renovering av renseanlegget er godt i gang men ikkje heilt fullført i 2019. Planen vil gi  føringar for å prioritere og utbetre vatn- og avløpsanlegg framover, mellom anna reinseanlegg for avløp.

Gamle og dårlege leidningar har gitt store driftsutfordringar i mange år, og dette inneber vanskar for innbyggarane. I 2019 er arbeidet med utskifting av dårlege leidningsstrekk prioritert og ein har kome godt i gang.

Giske kommune kjem positivt ut i kommunebarometeret når det gjeld tenestene vatn og avløp. Barometeret gir eit for godt bilete av situasjonen. Giske kommune er i vekst. Når vi fornyar eller bygg nye anlegg, skal desse ofte inn på gamle leidningsnett som ikkje har god nok kvalitet eller kapasitet.  

Når det gjeld lekkasjar, er der framleis stor lekkasje prosent som er viktig å få ned med tanke på at vi reinsar vatn unødvendig og sidan vi skal kjøpe vatn frå Ålesund som blir mange gongar så dyrt sidan Ålesund skal investere stort i nytt reinseanlegg for drikkevatn. 

Vi har manglande vedlikehald av kommunale vegar. Mange av vegane er køyrt ned av tunge køyrety gjennom år. Vi arbeider med ein vedlikehaldsplan som vil vise behovet for oppgradering/vedlikehaldsetterslep. 

Hushaldningsrenovasjon inkl miljøstasjon og slam frå privathushaldningar er drifta av ÅRIM. Feiing og tilsyn er i 2019 kjøpt frå Ålesund brannvesen.