Regulering

Regulering hadde eit avvik på kr 360.000 noko som skuldast mindre inntekter på kr 360 000 i forhald til budsjett. Dette skuldast at inntektene kjem seinare enn i budsjett. Det er fleire saksbehandlarar som arbeider med regulering, men hovudansvaret ligg hos planleggaren. Det meste av regulering i kommunen blir utført av private, men blir saksbehandla i teknisk under regulering.

Tal planar vedtatt i 2019: 1 temaplan og 5 reguleringsplanar.

Gjennomsnittleg saksbehandlartid for private reguleringsplanar- frå oppstartmøte til endeleg kommunestyrevedtak: 562 dagar

Gjennomsnittleg tid til kommunen sitt administrative arbeid: 99 dagar