Grunnkjøp

Grunnkjøp er i hovudsak knytt til ulike prosjekt, og utgiftene bør for framtida kostnadsførast på desse. To stillingar er knytt opp til grunnkjøp, og desse deltek i førebuing og gjennomføring av prosjekt, og samarbeider med rådmannen og ordføraren (grunnkjøpsutvalet). Ei av dei to stillingane er nestleiar i teknisk eining og arbeider derfor ein del inn mot heile eininga. Her var det eit mindreforbruk på kr 55.000.

Det har i 2019 vore stort fokus på å førebu eigedom som ikkje skal nyttast i kommunal regi for sal. Grunnkjøp har arbeidd med:

  • Generell oppfølging/klargjering av alle avhendingar/prosjekt i investeringsporteføljen fram til 2023 (Prosjekt 5121.)
  • Spesiell/konkret arbeid med klargjering for sal av Området vest for Spar Valderøya og Stor-Pe-Teigen Giske. Skal etter plan vere klargjort for sal i løpet av 2020. (Prosjekt 5121).
  • Skjønsak gang-/sykkelveg Teppemyra-Geilevika – prosjekt 6154 (Skjøn avsagt 27. mai 19).
  • Skjønssak «Skulevegen Giske» - prosjekt 5605 (Skjøn avsagt 3. des. 19).
  • Overtaking av Fellesfjøsen (01.03.19). Utnytting og salgbarhet er vurdert – Bondelaget har gjennomført synfaring/visning saman med interesserte gardbrukarar.Tilnærma ingen bruksverdi eller markedsverdi.
  • Sal av bustadtomt gnr.185 bnr.271på Valderhaugstrand.
  • Sal av bustadtomt gnr.6 bnr.175 på Synes.
  • Sal av Niklamarka 14 på Sætra til leigetakar (etter prinsippet «leige-eige»).
  • Sal av Karenhaugen 1 på Skjong til leigetakar (etter prinsippet «leige-eige»).
  • Forlenging evt sal av areal festa av Roald Småbåtforening er vurdert – fortsatt under arbeid/forhandling med festar.
  • Avtale om tilkomst til Kraftbu II Vigra – evt opparbeidng av parkeringsplass for Søndagskulen og Sogelaget planlagd. Tilkomst må vere klarlagd før avhending.
  • Tilsidesetting av opsjonsavtale på Furkenholmen – fortsatt under arbeid. Juridisk ekspertise innanfor offentleg avhending/anskaffelse er påkopla og arbeider mot minneleg løysing.
  • Gjøsund næringsområde – problemstillingar rundt prinsipp for avhending vs utleige, korleis praktisk utparsellere tomter med- eller utan fyllmasser frå mudring, tekniske anlegg, førebuing avtaleskjøn for Olmannsvika.
  • Samarbeid med prosjektleiar for mudring/utdjuping Gjøsund – div. eigedomsforhold, mogleg plassering av nytt anlegg for prosessvatn, vurdering av framtidige opparbeidingskostnader i Olmannsvika (jf. førebueing av avtaleskjøn)
  • Diverse etterrakst på tidlegare grunnkjøp: Manglande tilbakemelding frå grunneigar (signatur: avtaler, skøyte, kontoopplysningar, konsesjonsfrittak).
  • Diverse bistand inn mot Veg, vatn og avløp – rettigheter i grunn, erverv, servituttar, overtaking av veganlegg på basis av lang tids bruk m.m.
  • Veiledning m.m. mot publikum som ønskjer å kjøpe grunn eller tilleggsareal.
  • Sal av Nausttomt Sætra
  • sal av Næringstomt Valderøya