Bygg og eigedomsavdelinga

Bygg- og eigedomsavdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av alle kommunale eigedomar. Avdelinga er prega av lite budsjett til vedlikehald og stort etterslep når det gjeld vedlikehald. Slik budsjettsituasjonen er bygg Giske kommune opp eit stort etterslep på vedlikehald. Vi ser at dette gir utslag i mellom anna i fleire taklekkasjar, vindu som er punktert og råtne. Viser til tabellen under som viser mellom anna at det ikkje er midlar til å skifte gamle og slitne ventilasjonsanlegg. Det manglar midlar til solskjerming på Godøy bufellesskap og på Vigra omsorgssenter. Det skulle vore etterisolert, skifta gamle vindauge, lagt nye tak, etterisolert fasader og nytta varmepumpeteknologi i fleire bygg. Det er ikkje  midlar til å gjennomføre tiltak som kan gi energisparing, og kommunen går dermed glipp av såkalla ENØK tilskot frå Enova.

I 2019 hadde avdelinga ein differanse på budsjett mot rekneskap på kr 2 369 000.

Utgifter: Auka lønnsutgifter høvesvis budsjett kr 780 000.

Kjøp og sal av tenester ligg om lag kr 220 000 under budsjett.

Kjøp av sal av tenester som erstatning for eigenproduksjon skuldast at det er for lite budsjettert leige av klasserom og idrettshall på Godøya og idrettshallen på Vigra.

Inntekter : vi fekk ca 1 mill mindre i husleigeinntekter enn budsjettert (vi kom for seint i gang med å varsle auken slik at vi ikkje får effekt før frå 2020).

Kr 820 000 i auka avskrivingar i høve budsjett.