Byggesak

Avdelinga behandla 292 byggesaker, av desse var 120 delegerte saker og 96 var saker behandla i Komitè for miljø og tekniske saker som frå frå oktober 2019 fekk namnet Teknisk utval.

Saksbehandlingstid for saker med 3 vekers frist er på ca 20 dagar. Saksbehandlingstida for saker med 12 vekers fris ligg på mellom 80-84 dagar. Fristen løpe frå søknaden er komplett.

Kommunestyret har vedteke at byggesak skal vere sjølvfinansierande og gebyra er tilpassa dette (som for sjølvkostrekneskap). Då det ikkje er opparbeidd fond, slår eit negativt resultat ut i driftsrekneskapet, og ved seinare overskot kan dette dekkast inn.

I 2019 vart det eit negativt driftsresultat på kr 1 082 000. Dette skuldast mindre inntekter enn budsjettert på nær kr 1 300 000. I tillegg måtte det leigast inn ekstern saksbehandlar grunna sjukmeldingar.

Byggesak har hatt ein lang og god LEAN prosess gjennom heile 2019. Resultatet er:

  • ACOS Eigedom: - digitalt saksbehandlingssytem som gjer det lettare med lik sakshandsaming, sakane forsvinn ikkje i mengda, lettare og tidsparande å rapportere på KOSTRA.
  • Forhåndskonferanse: Bestilling er digital. Når bestillinga vert sendt inn må visse informasjonsområde vere utfylt. Det er svært tidsparande for saksbehandlarane og publikum at rett informasjon er på plass under konferansen. Det kjem òg fort fram om andre fagfelt burde vere med på konferansen.
  • Hovudprosess saksbehandling: Effektivisering av heile saksbehandlingsprosessen. Prosedyre og sjekklister om tilgjengelegheit, komplekse saker, møter, fordeling av saker, osv.
  • Kommunikasjon med søker: Malar og prosedyrer for korleis ha fortløpande kommunikasjon med søkjar/publikum.
  • Nettside: det har blitt jobba mykje med utforming og innhald til nettsida. Tanken er at publikum skal vere sjølvhjelpte. Og ikkje minst sende inn mindre feil og manglar i søknadar, som igjen vil spare saksbehandlarane (og sentralbordet) for mykje arbeid. (no inneheld nesten kvar einast søknad feil/manglar).