Brann- og oljevern feiing-og brannførebygging

Brann- og oljevern har eit avvik i rekneskap i forhald til budsjett på kr 240 000. Dette skuldast i hovudsak auka kursutgifer til 5 nytilsette.

Giske kommune har i fleire år hatt ein samarbeidsavtale med Ålesund brannvesen (ÅBV). ÅBV har levert brannsjef og feiretjenester til Giske. I løpet av 2019 blei det forhandla fram ein ny avtale med ÅBV der ÅBV tek over alle branntenester i Giske. Deltidsmannskap er overført til Ålesund kommune, men dei vil fortsatt vere stasjonert i Giske, og ein ser at brannberedskapen gjennom denne avtalen vert styrka.

Tenesta feiing blir kjøpt frå Ålesund brannvesen KF og er eit sjølkostområde, men står i rekneskapen med eit underskot på kr 146 000 som kan dekkast av fond når det er opparbeidd. Ålesund brannvesen KF utfører også brannførebyggande tilsyn på vegne av Giske kommune.