Heimebaserte tenester

Det vert levert heimebaserte tenester både i bukollektiv, bufellesskap, omsorgsbustader, og i heimen til brukaren, som BPA (brukarstyrt personleg assistanse) og kvardagsrehabilitering. Heimebasert teneste er den største tenesta i omsorgsdistrikta og Meistring og psykisk helse, og vert gitt til brukarar i alle aldrar. Den står føre ei tid med fokus på tenesteutvikling, tverrfagleg samarbeid, digitalisering og nye arbeidsmetodar. Tenestene er i tett samarbeid med tildelingskontoret i vurdering og utmåling av teneste. Målet er at brukaren vert sjølvhjelpt så langt som råd og skal bli meir aktiv i eige liv. Kvardagsrehabilitering er implementert som fast teneste i kommunen og heimebaserte tenester har fått opplæring i modellen som skal vere ein aktiv del av tenesteytinga. Det vert framover ei nøye vurdering av kva ein kan tildele av velferdsteknologiske løysingar som første val. Tenestene merkar ei auke både i tal på brukarar og i kompleksiteten innan pleie og omsorgstenestene. Nye måtar å yte teneste på vert avgjerande for at kommunen skal klare å møte framtidige behov. Spesialisthelsetenesta vurderer stadig sine tenester og kommunen merkar godt at brukarane kjem raskare heim og er dårlegare enn tidlegare. Dette fører til eit stort press på heildøgnsplassane og auka krav til meir tenesteyting i heimane. Vi har tidlegare år klart å ta i mot alle ferdig utskrivingsklare pasientar ved sjukehuset. I 2019 klarte vi ikkje det, og måtte betale bøter for om lag kr 450 000. Dette viser at vi har utfordringar i å ha tilstrekkeleg sengekapasitet i høve behov.

2019 har vore prega av svært pressa drift med krevjande brukarsituasjonar med stort behov for oppfølging og kompetanse. Heildøgsplassane er til ei kvar tid nytta og ved fleire avdelingar har vi overbelegg. Vi har vanskar med å rekruttere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, og fleire signaliserer at dei ikkje maktar å gå i 100% på grunn av stort arbeidspress.

Omsorgstenestene viser ei markant auke sidan 2014. Både i tal på brukarar, tal på tildelte tenester og tal på elektroniske meldingar (elektroniske meldingar mellom kommunen, sjukehuset og fastlegane), medan tal tilsette innan omsorg har vore uendra i perioden. Tildelingskontoret vart etablert i 2016 og har 2,3 årsverk i saksbehandling innan helse og omsorg. Kontoret har så langt handtert auka utan å få tilført ressursar. Særleg frå 2018 opplever kontoret auka i arbeidsoppgåvene som svært krevjande.

Utfordringa vidare vert å ha økonomisk berekraftige tenester, yte fagleg forsvarlege tenester, rekruttere rett og god kompetanse, rett tildeling av tenester innan BPA, auke innan bu- og tenestetilbod til barn og unge med spesielle behov, møte auka innan demens, auka forventing til kva kommunale tenester skal yte og halde tritt med behov, krav og utvikling.

Heimebasert teneste (HBO) vert frå 6.1.2020 samla på Giske omsorgssenter. Dette er eit kutt-tiltak og det er venta ei innsparing på kr 700 000 i 2020.

Kommunebarometeret for 2019 viser at Giske kommune yter svært gode og kostnadseffektive omsorgstenester . Sjå kostra-tal under.

Tal brukarar av tenester 2010 - 2019

Kostra, omsorg 2019

Kostra, omsorg 2019
Nøkkeltall Enhet Giske Kostragruppe 10 Landet utan Oslo
Utgifter kommunale helse- og omsorgstenester per innbyggar kr 24 734 28 529 28 727
Årsverk helse og omsorg per 10 000 innbyggar årsverk 264,5 306,7 313,6
Netto driftsutgifter til omsorgstenester i prosent av kommunens samla netto drift Prosent 27,9 32,4 32,4
Andel brukarretta årsverk i omsorgstenesta med helsesutdanning prosent 83,9 79,3 77,7
Andel brukertilpassede enerom med eget bad/wc Prosent 100 89,5 90,9
Andel private institusjonsplasser prosent 0,0 4,5 5,3
Netto driftsutgifter til kommunehelsetenesten i prosent av kommunens samlede netto driftsutgifter prosent 5,5 4,7 4,9