Institusjonstenester

Giske kommune har åtte institusjonsplassar ved Vigra omsorgssenter, dement avdeling, Skogly. Kommunen når målet om 30 minutt tilsynslege per pasient/veke. Mange har behov for plass, og vi har til ei kvar tid fylt opp institusjonsplassane. I 2019 fekk vi tilrettelagt for skjerming for å kunne yte best mogleg og forsvarleg tilbod til dei som bur der. Dei tilsette har høg kompetanse innan demens og utviklar seg i takt med behov, lover og forskrifter. Giske kommune leverer eit tilbod av høg kvalitet ved Vigra omsorgssenter. Det er auka vekst i tal demente, om lag 50 nye vert diagnostisert vart år i Giske kommune. Det er venta ei dobling innan dei neste 10-15 åra, framskrivinga viser nasjonale tal frå 70.000 til 140.000. Behov for tenester til innbyggjarar med demens liding aukar. Velferdsteknologi bidreg godt i dette arbeidet, som digitale tilsyn og GPS. Men vi ser at vi har behov for fleire bustadar av ulik grad bemanning.