Flyktningtenesta og introduksjonsprogram

Giske kommune buset flyktningar etter avtale med IMDI. I 2019 busette vi 9 personar. Giske kommune vedtok 10 nye flyktningar, men IMDi hadde ikkje nok til fordeling. Familiesameining kjem i tillegg.

Giske kommune er i dag heim for flyktningar frå: Eritrea, Somalia, Etiopia, Afghanistan, Sudan, Syria og Irak.

3 flyktningar flytta til annan kommune som mellom anna gjer at vi må overføre tilskotet for desse til den nye kommunen. Flyttinga skjedde i 2018, men kostnaden på om lag kr 350 000 kom i 2019.

Målsettinga for flyktningtenesta er å legge til rette for at flyktningane får høve til å ta i bruk eigne ressursar, bli sjølvstendige ved å kome ut i inntektsgivande arbeid eller utdanning og bli aktive deltakarar i det norske samfunnet og lokalmiljøet. Introduksjonsprogrammet har som mål å kvalifisere deltakarane til arbeid eller vidare utdanning for å kome ut i varig arbeid, og lære om og ta del i det norske samfunnet og bli økonomisk sjølvstendige.

Flyktningtenesta samarbeider med alle tenestene i kommunen. Størst er samarbeidet er knytt til NAV og Folkeuniversitetet som er leverandør av vaksenopplæringa.