Grunnskule, SFO (skulefritidsordning) og skuleskyss

Grunnskular

Giske har 5 grunnskular: Vigra skule, Valderøy barneskule, Giske oppvekstsenter skule, Godøy skule og Valderøy ungdomsskule.
Opptaksområdet for barneskulane er kvar enkelt øy. Det er ikkje fritt skuleval, men elevar kan med heimel i opplæringslova søkje opptak ved ein annan barneskule enn den dei soknar til.

Elevar frå Giske og Godøy går 8.-10. klasse på Godøy skule, medan elevar frå Valderøya og Vigra går på Valderøy ungdomsskule.

Elevtal per 1. oktober 2019

Elevtal per 1. oktober 2019
1.-4. klasse 5.-7. klasse 8.-10. klasse SUM
Vigra skule 100 105 205
Valderøy barneskule 242 187 429
Giske oppvekstsenter, skule 44 38 82
Godøy skule 66 59 74 199
Valderøy ungdomsskule 262 262
Totalt 452 389 336 1177

SFO - Skulefritidsordning

Det er SFO-ordning ved alle barneskulane i kommunen. SFO skal vere sjølvfinansierande med unntak av ekstra kostnader til barn som treng tilrettelegging.

Tal på barn i SFO Tal på barn i SFO Kor mange av desse har full plass Kor mange av desse har full plass
Skule \ år 18-19 19-20 18-19 19-20
Giske oppvekstsenter 21 22 11 17
Godøy skule 32 34 13 25
Valderøy barneskule 144 126 63 56
Vigra skule 67 62 35 29
SUM 264 244 122 127

Skuleskyss

Teneste 2230 skuleskyss gjeld transport tll og frå skule, medan transport i skuletida (t.d. symjeopplæring) blir ført på teneste 2120 grunnskule. Fylkeskommunen organiserer både ordinær skyss og tilpassa skyss for elevar med særlege behov. Kommunen betaler ein eigenandel som tilsvarer enkeltbillett på buss etter ordinær takst, både for ordinær skyss og tilpassa skyss. Dette gjeld óg skyss for elevar ved private skular, der kommunen har plikt til å betale skyss til kommunegrensa. Elevar med delt bustad kan ha rett til skyss frå begge heimane.

Alle skulane unntatt Giske skule har skuleskyss. For elevar i 1. klasse er skyssgrensa 2 km, for eldre elevar er skyssgrensa 4 km.

Til saman hadde 259 elevar skuleskyss i 2019, av desse er 23 førsteklassingar. Totalkostnaden var 1.658.000 kroner.