5 Oppvekst

Drift

Drift
5 Oppvekst Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
Alle tal i heile 1000 2019 2019 2019 2018
2110 BARNEHAGE 81 791 80 550 80 517 81 131
2111 STYRKA TILBOD TIL FØRSKOLEBARN 9 646 7 876 7 354 7 704
2120 GRUNNSKOLE 112 754 110 494 103 533 106 229
2121 PEDAGOGISK RETTLEIINGSTENESTE 819 732 729 874
2130 VAKSENOPPLÆRING 3 175 659 659 2 778
2150 SKOLEFRITIDSTILBOD 1 526 1 222 1 222 918
2220 SKOLELOKALER -12 16 16 -16
2230 SKOLESKYSS 1 977 1 658 1 593 1 981
- - - -
T O T A L T 211 678 203 207 195 622 201 600

Økonomi

Rammeområde hadde eit samla meirforbruk på kr 8 471 000, eller 4,2 % av eit budsjett inkl. endring på kr 203 207 000. Gjennom året vart budsjettet styrka med 7 mill. kr. på grunn av auka skatteinngang. Denne budsjettendringa vart i heilskap tilført teneste 2120 grunnskule.

Den stramme økonomien og tiltaka for å avgrense overforbruket har heilt klart lagt ein dempar på arbeidet med kvalitetsutvikling innan oppvekst. Det er særleg grunnskulane som slit.

Barnehageområdet hadde eit samla overforbruk på 1,5 %, til saman kr 1 241 000. Dei kommunale barnehagane hadde eit samla overforbruk på kr 604 000 eller 4,33 % av eit budsjett på 13,9 mill.

    • Utbetaling av tilskot til private barnehagar var på 67 mill. kroner. Refusjon for barn med plass i andre kommuner er på kr 459 000. Til saman er dette 500.000 under budsjett.
    • Det har vore utbetalt kr. 615.000 i kommunal kontantstøtte i 2019. I 2018 var utbetalinga 635 000.
    • Redusert foreldrebetaling i private og kommunale barnehagar auka frå 1,7 mill i 2018 til nesten 2,1 mill i 2019.
    • På teneste 2111 Styrka tilbod til førskulebarn har vi eit overforbruk knytt til bruk av assistent i private barnehagar.
  • Skulane opplever at det er vanskeleg å levere dei lovpålagde oppgåvene innanfor tildelte budsjettrammer. Teneste 2120 grunnskule har i 2019 eit overforbruk på kr. 2 260 000 i høve til endra budsjett.
    • Lærarnormen vart innført hausten 2018 og fekk full effekt frå hausten 2019
    • Svak nedgang i talet på elevar med spesialundervisning men auke i timetalet per elev
    • Sterk auke i elevar med store behov for tilrettelegging og spesialundervisning.
    • Store ekstrakostnader i samband med elevar som er plasserte i andre kommuner
  • Vaksenopplæring hadde eit overforbruk i høve budsjettet på kr. 2,5 mill kroner. Netto kostnader var 3 175 000.
    • Norskopplæring til innvandrarar vert kjøpt frå Folkeuniversitetet. Samla kostnader i 2019 var 3 359 000.
    • Grunnskuleopplæring med rekordmange deltakarar vert kjøpt frå Hareid kommune. Kostnad 1 mill. kr.
    • Skuleskyss til vaksne grunnskuleelevar kosta ca. 500 000. Til vanleg betaler kommunen berre eigenandel i skuleskyssen, men sidan ein i dette tilfellet nyttar hurtigbåt, vart skyssen betydeleg dyrare.
    • Tilskot til norskopplæring vart mindre enn budsjettert, ca. 1 743 000 mot 2.725.000 i fjor.

Måla i økonomiplanperioden 2019-2022

Måla i økonomiplanperioden 2019-2022
Mål Kva er gjort Resultat/effekt
Forsvarleg drift med auka oppgåver/barnetal og reduksjon i ressursane Vi må jobbe smartare, ha betre system og strukturar, for å sikre elevane og tilbudet dei får. Vi må også redusere faglege ambisjonar. Organisasjonen sine utviklingsmål knytt til å vere lærande og utviklingsretta blir vanskelege å oppfylle. Dette kan få store negative konsekvenser knytt til implementering av ny læreplan.
Skjerpa krav i lærarnormen frå hausten 2019. Alle skular oppfyller lærarnormen, med unntak for Valderøy ungdomsskule som manglar 0,7 stilling per 1. oktober.
Digitalisering og rasjonaliering av administrative oppgåver Administrasjonen har i auka grad tatt i bruk delingsplattformar som støttar einingane. Skuleeigar brukar digitalt rapporteringssystem på Opplæringsloven §13-10, noko som reduserer skriftleg rapporteringsbehov frå skulane. Mindre bruk av tid og enklare rapportering til skuleeigar, Opne prossesar med større medverknad frå skulane. Dokumentar og sentrale planar er oppdatert og digitalt tilgjengeleg.
Nye arbeidsmåtar med digitale læremiddel og digital kompetanse Ulike digitale plattformar har i større grad blitt tatt i bruk i skulen. Det har også åpna for eit meir variert læringsmiljø der elevane blir møtt på interesse, kunnskap og mestring. Fleire blir inkludert i den ordinære opplæringa. Større fagleg variasjon og meir fagleg differensiering
Omfang og kompetanse i forhold til spesialpedagogiske behov, med spissa kompetansekrav til andre tilsette Målretta arbeid gjennom TALK i skule og barnehage for å styrke det allmenpedagogiske arbeidet. Rettleiing av pedagogar på dispensasjon i barnehage. Nokre lærarar har tatt vidareutdanning i spesped 30 stp. Det har vore arbeidd med å få ned omfanget av spesialpedagogiske tiltak i barnehage. Omfanget har auka med ny barnehagelov, og det er nødvendig å ta tak i dette vidare.
Midlertidige lokale ved Valderøy ungdomsskule og Vigra skule. Arealbehovet vil vere det same i fleire år framover Brakker plassert ved Vigra skule og Valderøy ungdomsskule. Dei eldste brakkene ved Vigra skule er i dårleg stand. Valderøy ungdomsskule har fått tenlege undervisningslokale og meir kontorplass. Vigra skule har framleis for lite arbeidsplassar til lærarar og administrasjon.
Uteområda på Vigra og Godøy skule. Det har ikkje vore gjort nok i høve til dette arbeidet Leikeplassane ved dei to skulane stimulerer lite til elevaktivitet.
For liten bassengkapasitet, lite og utdatert basseng Ingen tiltak gjort i 2019
Kompetanseheving i barnehagar (også private) i høve digitalisering og spesialpedagogikk Teams er brukt i større grad enn tidlegare. I realfagsprosjektet har det vore fleire nettverksmøte og eit kurs for alle tilsette om digitale verktøy. Bortsett frå autismenettverk og rettleiing frå Statped i TALK-prosjektet har det ikkje vore kompetanseheving innafor spesialpedagogikk pga lavt kursbudsjett. Auka kompetanse på digital samhandling. Meir erfaringsutveksling gir meir varierte arbeidsmåtar.
Samarbeid på tvers av einingar for barn med særlege behov (språk, læring, psykisk) Erfaringsdeling på autismenettverk. No bør vi få til det same for dei elevane med store språkvanskar, psykisk utviklingshemma m.m. Deretter bør vi få til eit samarbeid rundt elevar med stort læringspotensiale Stor betring i tilbodet til barn og familiar dette gjeld.
Pedagogtettheit i barnehagen i følgje ny norm Begge dei kommunale barnehagane har klart å tilsette nok pedagogisk personale med godkjent utdanning. Men fleire av dei er no i permisjonar. Det er derfor 31 % av pedagogane som er på dispensasjon
Livsmestring i dagens kunnskaps- og informasjonssamfunn skal prege planlegging og gjennomføring av dagen og i kompetansegrunnlaget for dei tilsette GDPR har satt fokus på personvern og opplæring av gode digitale haldningar i skulen. Dette gjeld både elevar og tilsette sine haldningar og handlingar til digitale løysingar på Internett.

Resultatmål 2019

Resultatmål 2019
Mål Kva er gjort Resultat/effekt
Strategiske planar for utvikling av barnehagar og skule - ny kvalitetsplan skal implementerast og gi synlege resultat Skulane er i ferd med å utvikle felles planar og strategiar. Dette vil gjere oss meir rusta og sterkare. Barnehagane har fulgt opp realfagssatsing og implementering av rammeplan (To fram) også i 2019. Mange system og rutiner har komme på plass, noko som sparer tid vi tidlegare brukte til å undersøkje korleis vil skulle handtere saker. Og kompetanse innafor teknologi har auka. Undring, utforsking og nysgjerrigheit er ei vanleg tilnærming.
Barnehagar og skular skal vise korleis ressursar og arbeidsmåtar styrkjer inkludering og aktiv deltaking, spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning Det er sett ned ei arbeidsgruppe som fremje tiltak som aukar tilpassa opplæring og redusere behovet for det som i dag kallast spesialundervisning. Tiltak som skal redusere dagens spesialundervisning og auke tilpassa opplæring i eit inkluderande læringsmiljø startar opp våren 2020
Barn og vaksne skal kvar dag oppleve erfaringar ut frå sine sterke sider, interesser og eigne ressursar Det er fokus på dette i møte med barn og elevar kvar dag. Ny læreplan opnar i større grad for barns undring og utforskartrong. Dette er implementert i opplæring av ny læreplan frå hausten 2020. Alle IOP-ar og arbeid med barnehagebarn og elevar tek utgangspunkt i elevane sine ressursar og sterke sider. Vi har ikkje berre rom for ungane, vi har bruk for dei!
Barn og vaksne skal kvar dag erfare innhald og varierte arbeidsmåtar som er prega av nysgjerrigheit, utforsking, engasjement og løysingsvilje Vi har i større grad bruk av opne oppgåver, undervisningsoppgåver, leseplanen er gjennomsyra av ei slik tilnærming. Barnehagane har lang tradisjon for dette. Elevane presenterer arbeid, får tilbakemelding frå medelevar. Prosessen skal vektleggast, ikkje berre produktet.
Barn og vaksne skal kvar dag erfare respekt, fellesskap og meistringstru Verdiar har vore tema på fagsamling for leiargruppa i skulen. Auka merksemd på korleis sikre at verdiane blir utført i praksis i skulekvardagen. Fokus på relasjonskompetanse, og at alle som jobbar i skulen utøver leiing, har vore viktige bidrag her. Elevane vert i større grad snakka med og ikkje til Tilsette har tryggare skjønnsutøving også i møte med elevar og føresette i utfordrande livssituasjonar. Elevane har auka medverknad i skulekvardagen, og større trivsel.
Kompetanseutvikling for omstilling knytt til prosjektet realfagskommunen, ny rammeplan for barnehagen (felles prosjekt med Sula), digitalisering og spissa spesialped. kompetanse - bruke kompetansen i faglege nettverk og workshopar. Mange rutinar, retningslinjer og standardar er utarbeide innafor mange område i barnehagane (t.eks. stillingsbeskrivingar, nettsider og SOME, rekruttering, verdiar, profilering, pedagogisk plattform, overgangar, informasjon, årsplan og digital kompetanse) Auka kompetanse både hos tilsette i barnehagane og særleg storbarn i barnehage innafor digitale verktøy.
Betre tverrfagleg innsats overfor barn som har eit ekstra behov for oppfølging. Bruk av digitale samhandlingsverkty som "Stafettloggen" Delvis skulering i stafettlogg, men usikkerhet rundt bruk av stafettlogg vs. Sampro. Vi fekk ikkje stafettloggen til å fungere effektivt i 2019 som digital løysing. BTI gruppa skal gjere eit nytt forsøk på implementering i 2020.
Legge fram sak om spesialundervisning innan juni 2019 Arbeidsgruppe har utarbeidd rapport med framlegg til tiltak for å få ned omfanget av spesialundervisning. Arbeid med implementering har starta.
Ta i bruk og utnytte moglegheitene som ligg i digitale verkty i administrasjon og organisasjon innan økonomi og personal Tek i bruk funksjonar i Office365, med særleg vekt på Teams Samskriving og digitale møter er sterkt tidsbesparande, og vil medverke til meir lik bruk av reglar og rutiner.
Intensivkurs i lesing, symjing og spesialpedagogiske tiltak ved behov Alle barneskulane innført hausten «På sporet», et kunnskapsbasert intensivt leseopplæring for 1-4 trinn. Dei førebelse resultata viser at tidleg innsats verkar.
Livsmeistring i dagens kunnskaps- og informasjonssamfunn skal prege planlegging og gjennomføring av dagen og kompetansegrunnlaget for dei tilsette Stort fokus på medverknad og medborgarskap i arbeidet med fagfornyinga Elevane opplever i større grad å verte involverte i å setje mål for seg sjølv og å støtte kvarandre i måloppnåing
Nye vaksenroller skal avspegle mål om ope sinn (open mindset) og autonome elevar Endring av praksis, fokus på elevmangfald og relasjon har vore kjerna i alt arbeid knytt til implementering av ny fagplan. Tema har vore på fellessamlingar for alle tilsette og rundt om på skulane. Lærarane tør å vere meir sårbare, prøve, feile. Det set ein ny tone i klasserom og læringsfellesskap, dette at vi ikkje lenger har fasit.
Statleg program for vidareutdanning for lærarar - "Kompetanse for kvalitet" - skal framleis ha prioritet 12 søkjarar blei godkjent for etterutdanning i 2019 gjennom det statlege programmet for etterutdanning. I 2020 begrensa godkjenning av søkjarar til det regionale tilbodet frå SR – oppvekst for å spare pengar. 5 søkjarar har fått godkjenning for etterutdanning i regi av SR-oppvekst. Giske fekk utbetalt 2,64 mill frå Utdanningsdirektoratet til dekning av vikar og stipend i 2019. I tillegg dekkjer staten studieavgifta i dei regionale tilboda.

I samband med økonomiplanvedtaket i 2017 bestilte kommunestyret erin gjennomgang av organisering av oppvekstområdet. Utvalet som skal drøfte einingsstrukturen og leiarstrukturen i oppvekst kom i gang med arbeidet hausten 2019.

Kommunalsjef for oppvekst og kultur vore konstituert sidan hausten 2018. Stillinga som pedagogisk konsulent har stått vakant i same perioden. Dette medfører sterkt redusert saksbehandlingskapasitet i staben, noko som både går ut over førebuing av poliitiske saker og oppfølging av arbeidet i skulane.

I påvente av utallet av arbeidet med strukturen er det gjort konstitueringar i stillingane som rektor ved Giske oppvekstsenter skule og Godøy skule og styrar ved Giske oppvekstsenter barnehage.

Mange av satsingsområda og prosjekta innan oppvekst har vore vidareført i 2019. Dette gjeld mellom anna realfagskommunen, som vart avslutta hausten 2019, innføring av ny rammeplan for barnehagen der kommunen har prosjektet "To fram" saman med Sula kommune. Digitalisering er framleis eit viktig satsingsområde, og vidarefører arbeidet frå 2016, då skulane fekk nettbrett til alle elevar etter omfattande opplæring av alle tilsette. Arbeidet med elevane sitt læringsmiljø vil alltd vere sentralt for skulane.

Koding og utprøving av ny teknologi og utstyr held fram. Det er blitt etablert skaparverkstadar eller innovasjons-labar, og fleire er under planlegging. VR-briller og spelbasert opplæring blir prøvd ut, og pedagogisk praksis skal utviklast for å gi nye læringserfaringar. Måla til framtidsbarnehagen og framtidsskulen må prioriterast slik at opplæringstilboda kan svare til utfordringane og arbeidsmåtane som er i samfunn og arbeidsliv.

Arbeidet med innføringa av ny læreplan, fagfornyinga, starta for fullt i 2019. Innføring av nye fagplanar vil skje i 2020 og 2021. Dette er eit stort kompetanseløft for skulen, og det blir stilt sterkare faglege krav til lærarane.

Elevtalsutvkling

Andel elevar med vedtak om spesialundervisning