Kulturskulen

Kulturskulen hadde 312 elevar med 42 på venteliste.

Kulturskulen nyttar aktivt alle digitale verktøy som er tilgjengeleg, bl.a. digital lydmiksar, digitalt trommesett, digitale keyboards, digitale pianoer, digital gitarforsterkar m.m. I tillegg brukar dei aktivt Ipad i kunstundervisninga, både til animasjon og biletkunst.

Fleire av lærebøkene som brukast er knytta opp mot digitale verktøy på Internett, og instruksjonsvideoar på Youtube. Kulturskulen har nyleg tatt i bruk nytt administrasjonsprogram, «Speedadmin». Dette er eit digitalt komunikasjonsverktøy mellom elev / føresette og kulturskulen. Det står att å lære programmet skikkeleg.

Nokre veker i september og oktober vart timeplanen «oppløyst» og ein jobba meir prosjektretta på tvers av fag og uttrykk. Vi var sjølvsagt spente på kva resultat vi kunne oppnå sidan vi ikkje har prøvd dette før. Erfaringane var såpass gode at vi vil gjere dette igjen neste skuleår.