Frivilligsentralen

Måloppnåing

Frivilligsentralen er til stor hjelp i utføring av ulike kommunale oppgåver som køyring og bringing, og hjelp både på skular, eldresenter, dagsenter, teknisk og NAV. Det siste har utgjort knapt halvparten av stillinga til medarbeidar på frivilligsentralen.

«Aktiv ferie» vart gjennomført med følgjande aktivitetar i og utanfor Giske kommune: tredagars overnattingstur til Stryn, Valldal klatrepark med middag og Atlanterhavsparken med mat, drikke og mat på Molo. Overnattingsturane var svært populære i starten, mindre no.

Gjennom det kommunale sysselsetjingsprosjektet får ungdommar som står utanfor arbeidslivet god og variert erfaring med praktisk arbeid. Verdien av dette kan ikkje overdrivast.

Frivilligsentralen har ein unik posisjon I kommunen, og dei får gåvemidlar og anna støtte frå mange ulike kjelder. Sentralen gir eit lavterskeltilbod som veldig mange set stor pris på. 

Det ser ut som at einingane brukar frivilligsentralen enda meir i framtida. Dette skjer sjølvsagt då dei ser at ein kan få meir ut av kvar krone ved eit samarbeid med frivillige. Men det er viktig at ein pleier forholdet til dei frivillige. Dei må ha føreseielege vilkår som passar inn med det andre dei er engasjert i. Og dei må bli sett og følt seg verdsett. Dette bør alle som er mottakar av eller samarbeider med frivillige, bite seg merke i.

Oversikt over bruk av gåvemidlar:

  • Giske
    • Utbetring av stier rundt fjøra på Giske.
    • Utsetting av benker og bord. 
    • Arbeidet er i gang.
  • Godøya
    • Utbetring av fjellvegen og sti rundt Lesten. Utsetting av bord og benkar.- 
    • Utsetting av rasteplassbord ved Sandvika. 
    • Benkar er på plass og ein er i dialog med grunneigar om det vidare arbeidet.
  • Valderøya:
    • Borghildryggen til Signalen - oppgradering sti med trebruer og steinlegging.
    • Ved Signalen. Trebruer i våte felt
    • Kvennhusika. Utbetring av sti og utsetting av rasteplassbord.
    • Hustruhavna. Utsetting av rasteplassbord. Nytt grusdekke på gangsti rundt Valderøyfjellet
    • Alt er ferdig unntatt på Hustruhamna.