Biblioteket

Måloppnåing

  • Aktive lånarar: 884 personlege lånarar – ei auke på 11,76 % frå i fjor. Av desse bur 48 i andre kommunar enn Giske. 128 institusjonar (skular, barnehagar, andre bibliotek ...)
  • Besøk: 15.318 (3,23 % auke frå i fjor. 
  • Utlån: 18.227 medier utlånt (auke på 5,4 %). Dette trass i at e-bokutlånet har gått ytterlegare ned (28,62 %) frå 1.520 utlån for Giske i 2018 til 1.085 i 2019. Denne nedgangen skuldast framleis dårleg utval av bøker og lange ventelister på populære bøker - ei følgje av ein (for biblioteka) dyr og dårleg avtale med forlaga. Utlånet til barn steig med (7,14 %) frå 9.014 til 9.658 utlån. Om vi går tilbake til 2015, året før vi vart med i den landsomfattande sommarlesaksjonen, har utlånet til barn stige med 60,03 %, frå 6.035 utlån til 9.658 i 2019. Mesteparten av denne auka knyte til sommarmånadane: frå eit utlån på 1.456 i 2015 til 3.920 i 2019 (169,23 %).