8 Miljø og kultur

8 Miljø og kultur Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
Teneste Alle tal i heile 1000 2019 2019 2019 2018
2310 AKTIVITETSTILBOD BARN OG UNGE 63 279 279 582
2342 FRIVILLIGHETSSENTRAL - - 685 804
2423 MOT - PROSJEKTET 350 343 343 245
2730 KOMMUNALE SYSSELSETTINGSTILTAK 354 307 307 138
3620 FRILUFTSLIV 200 258 258 361
3650 KULTURMINNEVERN 134 162 162 113
3700 BIBLIOTEK 1 605 1 620 1 620 1 596
3750 MUSEER 274 279 279 266
3770 KUNST OG KUNSTFORMIDLING 145 145 175 178
3810 IDRETT 259 334 339 271
3830 KULTURSKULE 2 850 2 630 2 597 2 606
3850 KULTURKONTORET 1 458 1 430 1 400 1 315
3851 ANDRE KULTURTILTAK 88 111 106 134
3852 Frivilligsentral 855 685 - -
T O T A L T 8 636 8 582 8 549 8 610
Kultur og miljø dekkjer tenester som vist på rekneskapsoversikta ovanfor. Årsmeldinga oppsummerer dei viktigaste prioriteringane i 2019 utan å ta for seg kvar enkelt teneste, med vekt på brukarretta tenester utan å kommentere tenester der ein fordelar midlar til lag, organisasjonar og nærmiljø.

Økonomi

Eininga heldt budsjettet med eit overforbruk på 0,6 %. Dette har ein oppnådd gjennom streng budsjettdisiplin.

Mål/resultat

Mål/resultat
Satsingsområde/Mål Resultat –i kva grad blei målet nådd Vurdering. Kvifor gjekk det slik?
Resultatmål 1 for 2019, vedtatt av kommunestyret:
Gjennom samspel med frivillige, grunneigarar, lag og organisasjonar skal vi i fellesskap vidareutvikle friluftslivet i kommunen i høve informasjon, skilting, tiltak for å hindre erosjon av området rundt, parkering m.m. Tursti ytst på Molnes som gir lettare og meir synleg tilkomst til Molnes naturreservat vart etablert I juni I samarbeid med grunneigar, teknisk uteseksjon og avdelingsingeniør), Fylkesmann og kultur v/ kulturkonsulent og frivilligsentral. Roald kystbatteri. Har fått på plass grunneigaravtalar for utplassering av ein del informasjonsskilt, skilt er under planlegging. Vi har utarbeidd eige informasjonsskilt, og tre mindre skilt er sett opp i området. Fylkeskommunen ønskjer at kommunen skal følgje opp dette tiltaket med å merke alle restane på Budafjellet med namn på bygningar / ruinar. Dette utgjer opp mot 90 enkeltskilt, og er foreslått utført i 2020. Fylkeskommunen vil gå økonomisk inn i dette tiltaket, men Giske kommune må også stille med ressursar. Vi har brukt ein god del planleggingstid på å førebu arbeidet inn mot naturreservatet. Det er også nødvendig sidan mange partar må bli involvert. Det er ikkje planlagt vidare tiltak pr dato, men saman med Fylkesmannen bør ein prøve få opp meir informasjon og nokre retningsskilt. Vi har fått tilsegn om midlar frå fylkeskonservator til å skilte delar av Kystfortet på Budafjellet.
Resultatmål 2 for 2019, vedtatt av kommunestyret:
Tenesteproduksjonen i eininga skal ta i bruk digitale løysingar og verktøy for at: * Biblioteket skal kunne brukast av innbyggjarane store deler av døgnet * Innbyggarane i større grad kan klare å hjelpe seg sjølve når det måtte passe dei. * Manuelle prosessar i større grad kan automatiserast. Prosjektet "Meirope bibliotek" var forankra i omstillingsprogrammet og digitaliseringsstrategien. Prosjektet vart stoppa av formannskapet i påventa av betra økonomi,. Prosjekt stilt i bero. Biblioteket jobbar godt med marknadsføring på Facebook.
Undervisinga i kulturskulen skal vere inspirerande, moderne og tilpassa elevane. All undervisning i Giske Kulturskule blir forsøkt tilpassa kvar enkelt elev!Lærarane stiller førebudd til undervisning. Kulturskulen nyttar aktivt alle digitale verktøy som er tilgjengeleg, bl.a. digital lydmiksar, digitalt trommesett, digitale keyboards, digitale pianoer, digital gitarforsterkar m.m. I tillegg brukar dei aktivt Ipad i kunstundervisninga, både til animasjon og biletkunst. Fleire av lærebøkene som brukast er knytta opp mot digitale verktøy på Internett, og instruksjonsvideoar på Youtube. Kulturskulen har nyleg tatt i bruk nytt administrasjonsprogram, «Speedadmin». Dette er eit digitalt komunikasjonsverktøy mellom elev / føresette og kulturskulen. Kulturskulen jobbar godt og er i mål med dei fleste tiltaka.
All positiv aktivitet blir synleg for innbyggarane. Eining for miljø og kultur jobbar bevisst med å synleggjere på Facebook og I media det gode og positive arbeidet vi gjer. Dei tilsette blir stadig motivert til å dele positive saker. Vi har også fått mange oppslag I tradisjonelle media gjennom året. Nytt BUKS (Barnas og Ungdommens KommuneStyre) ønskjer å synleggjere aktiviteten sin via Face(book) og Snap(chat), men vi har dessverre ikkje fått prioritert dette. StikkUT-turane er digitale. Det same er kommunen sin museums- og kulturminneplan. Alle tenester innan eininga er flinke til å dokumentere på Facebook. Vi har mange flotte oppslag i Øyblikk i løpet av året. Også Nytt i Uka og Sunnmørsposten har vore på besøk hos kulturskulen.
Resultatmål 3 for 2019, vedtatt av kommunestyret:
Frivilligsentralen skal vidare styrke posisjonen som aktivum for innbyggarane gjennom samarbeid med lag og organisasjonar og andre kommunale einingar. Frivilligsentralen er til stor hjelp I utføring av ulike kommunale oppgåver som køyring og bringing, og hjelp både på skular, eldresenter, dagsenter, teknisk og NAV. Det siste har utgjort knapt halvparten av stillinga til medarbeidar på frivilligsentralen. Frivilligsentralen har ein unik posisjon I kommunen, og dei får gåvemidlar og anna støtte frå mange ulike kjelder. Sentralen gir eit lavterskeltilbod som veldig mange set stor pris på.
Resultatmål 4 for 2019, vedtatt av kommunestyret:
Gjennom Ung Kultur Møtast (UKM) og Barnas og ungdommens kommunestyre skal kommunen jobbe for at ungdommen finn sin plass i kommunen vår og at talenta får arenaer dei kan vise seg fram på BUKSgjennomførte eitmøte før ferien. Dei konstituerte seg for dette skuleåret i møte 24. September og hadde “budsjettmøte” I november. UKM vart gjennomført med workshop i forkant og eit flott lokalarrangement. Det var 190 påmeldte deltakarar Det er utfordrande å finn ei tenleg arbeidsform som engasjerer alle I eit aldersspenn frå 12 til 17 år, men tilbakemeldingane frå ungdommane er at dette fungerer. Men ordninga er såpass ny at den toårige prøveperioden må fullførast (2019) før vi ev. tek grep. Stor deltaking I UKM er avhengig av god marknadsføring I forkant av arrangementet.
Resultatmål 5 for 2019, vedtatt av kommunestyret:
Fullføre arbeidet med dei 8 kulturminna vi har fått eksterne midlar til frå Riksantikvaren og fylkeskommunen Riksantikvaren har i nokre år hatt ein tilskottspost som fylkeskommunen har kunne søkt på. Midlane skulle bl.a. brukast til å vedlikehalde automatisk freda kulturminne i kategori T3 – kulturminne som står i fare for å bli øydelagde eller forsvinne. I Giske kommune er det registrert 8 slike. For 2018 og 2019 har kommunen fått tilskott til å utbetre to av dei åtte kulturminna. Attståande arbeid er å setje opp skilt for Sætredalen. Skiltet for Sætredalen er produsert. Montering skjer i februar. I tillegg står det att å vedlikehalde seks av åtte kulturminne som står i fare for å bli øydelagde eller forsvinne.
I løpet av første halvår 2020 skal Giske kommune ha vedtatt nyplan for museums- og kulturminne. I arbeidet skal vi søkje aktivt samarbeid med aktuelle partar. Giske kommune har fått kr 100.000 frå Riksantikvaren til revideringa.Vi fekk mange gode idear då vi deltok på kurs hos Riksantikvaren i september (finanisert gjennom tilskottet) om korleis kommunane kan utarbeide gode kulturminneplanar.Vi har hatt møte med arealplanleggar om planarbeidet.Arbeidet er starta opp etter politisk vedtak I Livsløpsutvalet 07.11. og Formannskapet 11.11. Vi har innleia dialog med historie-og sogelaga for å samarbeide om å gjennomføre innspelsmøter lokalt på kvar øy.
Giske folkebibliotek skal i 2019 gjennomføre minst 8 ulike arrangement knytt til Bokåret 2019. Det er så langt gjennomført seks arrangement: to i januar, februar, mars, april og forfattarmøte med Brit Bildøen i mai. Å engasjere / leige inn eksterne ressursar krev at vi får tak i tilskottsmidlar. Tildelingskriteria for mange offentlege tilskott har dei siste par åra fått ei endring. Tidlegare kunne ein legge inn eigeninnsats (personell, husleige etc) medan det no i stor grad blir kravd tilsvarande andel eigne kommunale midlar. Desse midlane er snart heilt vekke, ev må dei bli tatt av bokbudsjettet som ikkje så stort frå før av. Ressurssituasjonen gjer at utan mykje dugnadsinnsats, bl.a. frå biblioteksjefen og frivillige, er heilt nødvendig for å kunne med jobben.
Giske kommune må i løpet av 2019 signere ny avtale med MOT dersom dette programmet, som er eit svært viktige både førebyggande og livsmeistrande arbeid, skal vidareførast. Avtale vart underskriven i januar 2020.
Einingsleiar skal i løpet av 2019 gå gjennom vedtekne tiltak og prinsipp i høve viktige friluftsområder i kommunen som vi skal vurdere å sikre for framtida, slik at kommunestyret kan vedta ei prioriteringsliste for sikring av friluftsområde i åra framover. Dette er arbeid som må takast att. På grunn av mange andre arbeidsoppgåver, var det ikkje rom for å gjennomføre dette.
Tverrfaglege prosjekt:
Kommunalt sysselsettingsprogram. Dette programmet hjelper yngre menneske utan særleg arbeidspraksis som står utanfor arbeidslivet. Mange titals personar har vore innom programmet. Frå å vere avhengig av offentleg støtte har mange av dei kome seg over i utdanning eller jobb. Verdien av dette prosjektet kan ikkje overvurderast. Leiar av programmet, dagleg leiar av frivilligsentralen, og medarbeidar på sentralen samarbeider godt med dei involverte. Frivillige er flinke å sjå den enkelte og flinke til å støtte og motivere, og dette gjer dei til gode ressursar i miljøet.

Samla vurdering. Viktigaste resultat. Utfordring vidare

Vi har dyktige medarbeidarar som brenn for jobben sin og for innbyggjarane i kommunen.

  • Frivilligsentralen har ein unik posisjon i kommunen
  • Kulturskulen gir tilbod til fleire barn og unge enn ressursbruken skulle tilseie
  • Kulturkontoret jobbar tett og godt med ulike partar i kommunen
  • Biblioteket sin Sommarlesaksjon hadde 400.000 lesne sider som mål - resultatet vart over 600.000 lesne sider.