Sosialtenesta - NAV

Økonomi:

Ansvar 3300 Sosialtenesta hadde eit meirforbruk på kr 864 434. 

Budsjettramma for ansvar 3300 har ikkje vore tilpassa dei reelle utgiftene knytt til teneste 2810 Økonomisk sosialhjelp. Utgifter knytt til denne tenesta er rettigheiter hjemla i sosialtenestelova. Lova har som formål å betre levekåra for vanskeligstilte, bidra til sosial og økonomisk tryggheit. Budsjettet har stort sett vore uendra over fleire år og det har vore kjent at dette har vore urealistisk og kunne følge. For 2020 er budsjettet oppjustert etter ein meir realistisk forventa storleik.

Vi har oppnådd gode resultat i samarbeid med Frivilligsentralen. Det er aktivitetskrav spesielt for unge brukarar som mottek sosialhjelp. Vi stiller også krav om aktivitet til andre brukarar. Vi nyttar Frivilligsentralen som eit lavterskel tilbod. I tillegg blir det brukt for brukarar som skal prøvast ut, før vi kan plassere dei i andre arbeidsretta tiltak. Vi har i fellesskap lukkast med mange av brukarane, som vi har hatt utplassert hos Frivilligsentralen. Brukarar har blitt rusfrie, har hatt overgang til ordinært arbeid eller anna arbeidsretta aktivitet og overgang til utdanning.

NAV Giske har hatt utfordringar i 2019 i forhold til at NAV leiar har vore sjukmeldt i lange periodar. Vi har ikkje fått tildelt ekstra ressursar i hans fråver. Dette har ført til at vi har hatt behov for stadige omorganiseringar for også å kunne ivareta leders oppgåver. 

Måltal

Måltal
2018 2019
Arbeidssøkjarar og personar med nedsett arbeidsevne 388 408
Sjukmelde 259 276
Økonomisk sosialhjelp: 124 109
Personar <24 som fekk økonomisk sosialhjelp i <3 månader 7 2
Gjeldsrådgjeving 23 23

Måloppnåing:

Talet på personar som har motteke sosialhjelp i 2019 har gått ned frå 2018. Dette skyldast i hovudsak at dei går over i arbeidsretta aktivitet og har rett på andre typer stønader. Ein må her vere merksam på at det bak talet, kan skjule seg store familiar, da det som regel blir utbetalt sosialhjelp til ein person i husstanden, med ytingar til heile familien.

Talet på personar under 24 år som hadde sosialhjelp i meir enn 3 månader har gått ned. Det skyldast i hovudsak stort fokus på arbeidsretta aktivitet, der ungdom er ei spesielt prioritert gruppe. Det gode samarbeidet om arbeidsretta aktivitet som vi har med Giske Frivilligsentral, har også stor innverknad. Tiltaket blir brukt for brukarar med krevjande og samansette utfordringar for å få dei i arbeid og aktivitet. Tiltaket blir også brukt til flyktninar og andre som er utan arbeid og aktivitet.

Vi har fått ei auke i antall brukarar i kvalifiseringsprogrammet (KVP). Frå 01.01.19 var det lovendring, som medførte at tilbodet er meir tilgjengelig og fleksibelt. KVP skal brukast på yrkesaktive personar med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne, som ikkje fyljer vilkåret for rett til andre ytelser etter folketrygdlova. KVP er ei lovpålagt oppgåve, som alle kommunar skal tilby til dei som fyller vilkåret. Det er positivt at vi kan tilby dette programmet til personar som har levd på sosialhjelp over lang tid eller står i fare for å komme i ein slik situasjon. 

Nærvær: NAV hadde eit nærvær på 95,3 % i 2019.

Utfordringar

  • Personar som har behov for gjeldsrådgjeving har auka. Pr 31.12.19 hadde vi ei venteliste på 5 saker. Inngang av søknader har auka, spesielt frå barnefamiliar. Varsel om tvangssal av bustader har også auka. Det er ei utfordring at det ikkje er sett av nok ressursar til dette arbeidet. Dersom vi unnlet å fokusere på dette arbeidet, vil det blant anna føre til auka sosialhjelps utbetalingar og andre samfunnsøkonomiske ringverknader. Dette vil igjen medføre økt barnefattigdom, stigmatisering og auke i dei økonomiske skilnadane. Det er ikkje rom for førebyggjande arbeid opp mot denne gruppa.
  • Dei fleste flyktningfamiliane er avhengig av supplerande sosialhjelp, i tillegg til introduksjonsstønad.  Det har vore ei auke i store familiar med mange barn. Behov for store bustadar med høg husleige. Mange flyktningar har helseutfordringar, som medfører at det er vanskeleg å formidle dei til løna  arbeid. Samfunnsnormer og kultur er ei stor utfordring med å formidle kvinner til yrkesretta aktivitet. Dette fører ofte til at sosialhjelp blir hovedinntektskjelde etter at dei har fullført introduksjonsprogrammet. Nedgang i talet på sosialhjelps mottakarar samsvarar ikkje med nedgang i sosialhjelpsutgifter. Kostnaden per brukar/familie er stigande.   
  • Budsjettmessig er det ei utfordring med stort meirforbruk på KVP etter lovendring. I forhold til antal innbyggjarar i Giske kommune, har det i fleire år, før lovendringa vore sett eit ønska tal på 7 personar til KVP. Etter lovendringa er det forventa at eit høgare antal brukarar vil fylje vilkåret for rett til KVP. Dette er ei lovpålagt yting, som ikkje kan styrast ut frå kommunen sin økonomiske situasjon. Vi hadde i 2019 eit overforbruk på 507’