Landbruk og viltforvaltning

LANDBRUK OG VILTFORVALTNING:

Landbruk og viltforvaltning

Giske kommune kjøpte landbrukstenester tilsvarande 0,8 årsverk frå Haram kommune. Frå 2020 vil tenestene kjøpes frå Nye Ålesund.

Giske er ein middels stor landbrukskommune i Møre og Romsdal. I 2019 var det totalt 28 gardsbruk som søkt produksjonstilskot. Desse gardbruka driv om lag 9000 dekar med jordbruksareal, kor om lag 60-70% er leigd areal.

Det vert utført omlag 43 årsverk direkte i landbruksproduksjonen. Kvart årsverk i landbruket skaper ein til to arbeidsplassar i andre tilstøytande verksemnder.

Matproduksjonen og råvarer frå jordbruket i Giske har ein salsverdi på om lag 29 millioner i året. Om lag 78% av dette kommer frå mjølkebruka inkludert kjøtproduksjon. Resten kommer frå sau, ammekyr og gris.

Det er positive trekk i landbruket i Giske kommune. Det ser ut som det er bra interesse for å overta bruk som er i drift og det er eit aktivt Bondelag i kommunen.

Kommunen sin viktigaste oppgåve for å oppretthalde og utvikle landbruket i kommunen er ei stødig arealforvalting , der ein tar omsyn til dyrka jord og unngår fragmentering av samanhengande jordbruksareal.

Landbrukskontoret er sekretæriat for viltnemnda. Bestanden av hjort er igjen aukande - det vart felt 76 dyr i 2019 ein fellingsprosent på 79,2%. I Giske er det ein relativt stor rådyrbestand - i 2019 vart det felt 109 dyr ein fellingsprosent på 80,7%.

Giske har I 2019 fått område for utvalgt kulturlandskap, Alnes. Dette er eit av Norges mest verdifulle kulturlandskap. Områder er valg ut fordi det har store biologiske og kulturhistoriske verdiar.