Skulehelseteneste og helsestasjon

7,4 Faste stillingar og 2,6 stilling på prosjektmidler. Helsestasjon har 104 barn 0-1 år, 114 (1-2) år , 133 (2-3) år 120 (3-4 )år, 125 (4-5) år 133 (5-6)års barn. Og har kontroller på desse. Vi har ca 1500 barn frå 1 klasse til 18 år. Jordmor har fulgt opp100 gravide i 2019

Helsestasjonen og skulehelsetenesta er styrkt dei siste åra mellom anna gjennom statstilskot. Dette har gjort det mogleg å arbeide meir med førebyggande tiltak, tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og generelt vere tettare på barna. Helsestasjonen har mellom anna barselgrupper, foreldreførebuande grupper til førstegongsforeldre, Cos-P foreldreveiledningsgrupper, foreldregrupper for framandspråklige, PIS-gruppe, gruppe for barn som lever i to heimar, Bapp-grupper og gruppe for barn som har foreldre som slit med psykisk helse og rus. Helsesjukepleiar har motiverande intervju og oppfølging av barn i høve overvekt, fysisk aktivitet og sunnare kosthald. Det er utarbeidd og tatt i bruk prosedyre for kartlegging av rusvaner og vald i nære relasjonar. Fastlege og jordmor har starta kartlegging av alkoholvanar til dei gravide, her er prosedyre tatt i bruk.

Skulehelsetenesta er eit synleg og tilgjengeleg tilbod i skulane. Psykisk helseteam og helsestasjonen har hatt undervisning om psykisk helse i skulane, dette har blitt godt motteke av både elevane og lærarane.

Vi er ei vekstkommune og har mange utanlandske innflyttarar som krev ekstra teneste av helsestasjonen. Kort liggetid på sjukehuset gir større ansvar og utfordringar for tenesta. Det vert arbeidd vidare med koordinerande arbeid, koordinatoransvar og individuell plan, dette i samarbeid med oppvekst og omsorg.

Kostratal helsestasjon- og skulehelseteneste, 2019

Kostratal helsestasjon- og skulehelseteneste, 2019
Nøkkeltall Enhet Giske Kostragruppe 10 Landet utan Oslo
Avtalte årsverk i helsestasjon- og skulehelsetenesta per 10 000 innbyggerer Årsverk 48,1 49,0 44,1
Andel nyfødde med hjemmebesøk innen to uker etter hjemkomst Prosent 92,9 67,8 93,5