PPT

140 tilmelde saker, 108 ferdigstilte saker.

Tenesta har ikkje nådd målet om saksbehandlarfristen - oppstart innan 3 mnd og ferdigstilling innan 6 mnd. Tenesta har ikkje hatt avdelingsleiar det siste kvartal, dermed også mangla saksbehandlar-ressurs. Kontoret har kontinuerlege drøftingar med rektorar og styrarar som tek kontakt angåande ulike problemstillingar. PPT har ei effektiv drift og det er stor tenesteproduksjon sett i høve til tal stillingar. Ein har ikkje nådd mål om å tilføre fleire årsverk til tenesta.Tenesta har arbeidd med systemretta tiltak i både skule og barnehage. Samarbeidet gjer at ein kjem tidlegare inn i sakene og det bidreg til at ein kan arbeide meir førebyggande og samanhengande. Tenesta har arbeidd med utviklingsarbeid kring barn med autisme-diagnosar, mellom anna gjennom det tverrfaglege prosjektet TALK. TALK-prosjektet er utvida til å gjelde både barnehagane og helse og omsorg. PPT arbeider med å redusere tal på vedtak om spesialundervisning.