Offentleg helseteneste/legekontor

Fastlegeordninga hadde 7726 brukarar, 8 fastlegar og 1 turnuslege. 163 % kommunal legestilling, 7 sjølvstendig næringsdrivande fastlegar.Tenesta hadde eit meirforbruk i 2019 med om lag kr 2,8 mill. Tenesta vart ila 2019 tilført midlar gjennom budsjettendring. Meirforbruket er knytt til betaling av gjestepasientar i andre kommunar, etablering av kommunalt legesenter, kjøp vikarlegeteneste og høgare utbetaling til legekontoret enn budsjettert.

Giske kommune la ned eit stort arbeid med å etablere Giske kommunale legesenter AS, i eksisterande legekontorlokaler på Ytterland. Det private aksjeselskapet som hadde ansvaret tidlegare la ned drifta frå 30.11.2019. Nytt kommunalt legesenter stod klart 1.12.2019. Denne prosessen var sjølvsagt krevjande og førte med seg ein del kostnader.

Kommunen har lukkast i å rekruttere fastlegar og fastlegevikarar. Vi måtte nytte vikarbyrå i fire veker på sommaren. Dette er ei dyr ordning. I dei nye kontraktene mellom legane og aksjeselskapet, er vilkåra meir på nivå med andre kommunar ein kan samanlikne seg med. Dette vil mellom anna sikre å behalde legar og betre rekruttering i framtida. Kommunen har søkt og fått midlar for å lette rekrutteringa, mellom anna midlar for frikjøp av "goodwill" ved overtaking av fastlegelister. Kommunen har også sett inn tiltak som å subsidiere leigeutgifter for legevikarar. Kommunen er med i prosjektet "ALIS Vest", som sikrar støtte til utdanning for den nye fastlegen, noko som var viktig for rekruttering av sjølvstendig næringsdrivande fastlege.

Giske kommunale legesenter AS har knytt seg opp til tenesta "Min helse", noko som forenklar kommunikasjonen mellom lege og pasient. Tenesta arbeider med å auke kompetanse innan kvalitetsforbetringsarbeid og å ivareta heilskap og samhandling mellom kommunane og helseføretaket for pasientar med kroniske lidingar. Giske kommune deltek i samarbeidsprosjekt om den multisjuke eldre pasient.

Kommuneoverlegen deltek i arbeidsgrupppe om utvikling av Helseplattforma som skal bli eit felles journalsystem for kommunale helsetenester, legetenesta og spesialisthelsetenesta i Midt Norge. Giske kommune har signert opsjonsavtale slik dei andre kommunane i Midt Norge har gjort. Det er også innført digitale funksjonar for fastlegetenesta i den nasjonale portalen helsenorge. www.helsenorge.no. Vi merkar godt at legetenesta er i endring og at det er lettare å rekruttere til faste kommunale stillingar enn næringsdrivande stillingar.

Kostratal legetenesta, 2019

Kostratal legetenesta, 2019
Nøkkeltall Enhet Giske Kostragruppe 10 Landet utan Oslo
Avtalte legeårsverk per 10 000 innbyggere Årsverk 10,8 10,8 11,4