Logopedteneste

113 saker er i gong og 16 saker på venteliste. Tilbodet vert gitt i hovudsak til born i barnehagealder og barneskule. I all hovudsak kjem tilvisingane frå helsestasjon og foreldre. 90% av ressursen vert bruk til barn og unge. Målet er tidleg intervensjon, og raskast mogleg behandling er prioritert, jamfør opplæringslova om tidleg innsats. Det vert utarbeidd individuelle treningsopplegg for kvar brukar, som mellom anna stiller krav til øving mellom kvar logopedtime. Dei individuelle treningsopplegga gir effekt og er nødvendige. Ei anna gruppe er vaksne brukarar som blir tilvist frå sjukehus eller lege. Tenesta har nådd målet om å vere eit lågterskeltilbod som skal legge vekt på førebygging og tidleg innsats og rehabilitering. Rettleiing til foreldre er viktig der dei blant anna får med treningsopplegg der dei skal hjelpe barna sine. Giske kommune har bestemt redusksjon i tilbodet til å gjelde kun lovpålagt tenester, ressursen vert difor redusert i 2020.