Fysio-ergo-terapiteneste, kvardagsrehabilitering

Den kommunale fysioterapitenesta hadde 183 brukarar, ergoterapi-tenesta hadde 100 brukarar og kvardagsrehabiliteringsteamet hadde 112 brukarar i 2019. Hjelpemiddel: kommunal inn og utkøyring, 345 og hjelpemiddel frå NAV tal 2036. Dette viser ei auke innan alle tenestene frå 2018, med unntak av kvardagsrehabiliteringa som har hatt ein nedgong, dette grunna reduksjon i teamet med eitt årsverk. Vi driv fortsatt effektivt, men ser at behovet er større enn kapasiteten. Det fører til at innbyggarane ikkje får den oppfølginga som dei skulle ha hatt. Ventelista har auka både på fysio, ergo og kvardagsrehabiliteringa. Vi ser også ei auke i at pasientane som kjem frå sjukehuset blir dårlegare. Teamet brukar mykje tid på kartlegging for tildelingskontoret. Vi har lange venteliste både i den kommunale og private fysioterapitenesta. Det er eit behov for meir ressurssar inn her då vi ligg langt under nasjonale nøkkeltall. Vi driv ei effektiv teneste med fokus på å levere gode tenester. Vi har også eit stort fokus på arbeidsmiljø og har dyktige tilsette som trivast i jobben.

Særleg arbeid i 2019:

  • Barnehageprosjekt
  • Fallforebyggande gruppe
  • Folkehelsearbeid
  • Individuell plan, forbetre arbeidet

Kostratal viser at Giske kommune ligg lang under andre kommunar i kostragruppe 10 og i landet i høve tal tilsette i fysioterapitenesta.

Kostratal fysioterapi 2019

Kostratal fysioterapi 2019
Nøkkeltall Enhet Giske Kostragruppe 10 Landet utan Oslo
Avtalte fysioterapeutårsverk per 10 000 innbyggere Årsverk 6,1 9,1 9,7