• Forside
  • Kommunedirektøren har ordet

Kommunedirektøren har ordet

RESPEKT, LØYSINGSVILJE, ENGASJEMENT, KVALITET er Giske kommune sine verdiar. Som tilsett i Giske arbeider vi kvar dag for at innbyggarane skal kjenne oss igjen med akkurat det. Respekt, løysingsvilje, engasjement og kvalitet.

2019 har vore eit år der økonomien har stått i fokus. Det har vore nok eit år i ROBEK, og det har vorte arbeidd med å snu drifta. Å snu drifta til ein stor organisasjon ter tid, og  gjer vondt. Det gjer vondt fordi vi ikkje lenger kan levere tenester til innbyggarane med den kvaliteten som er levert tidlegare. Tenester vert avslutta, og medarbeidarar vert omplassert skal ein klare å ta ned drifta. Sjølv om det er sett i verk tiltak for nærmare 6 mill, og også i år fått stor avkasting på finansplasseringar, og ein skatteinngang langt over det som var opprinnelig budsjettert er der eit stort overforbruk. Det fortel meg at det er ein stor jobb  gjere når vi no går over i 2020. Vi må endre oss for å levere gode tenester vidare, og vi vil spørje oss sjølv, og vi vil spørje deg som innbyggar, kva er godt nok?

Ein ser no tydelig effekten av ditigalisering i omsorgssektoren. I 2019 leverer vert det levert tenester til dobbelt så mange brukarar som for 10 år sidan, med tilnærma same tal tilsette. Dette hadde ein ikkje klart om ein ikkje hadde satsa så stort og framtidsretta gjennom omstillinggsprogrammet. Når ein ser den demografiske utviklinga framover ser ein at dette vil kome til nytte også i åra som kjem. Vi blir ikkje så mange fleire i Giske kommune framover, men Giske sine innbyggarar blir eldre og vil trenge fleire tenester frå kommuna. Desse tenestene må vi legge opp til at alle skal få i eigen heim så langt råd er. I 2019 har barnetalsutviklinga stagnert, og vi endte til slutt med eit innbyggartal på 8 456 ein auke frå 8 398 i 2018. Sjølv med denne forsiktige auken, så ligg vi høgt oppe på vekst i Norge generelt. Det er få kommuner med tilsvarande vekst i regionen. Omstillingsprogramment har og tatt for seg digital utvikling i skulen, og ein er godt forbedret for undervisning der elevane ikkje oppheld seg i klasserommet.

Giske har gjennom det siste året forberedt seg på å få ein stor ny nabo i Nye Ålesund. Vi har gjennom mange år hatt mange samarbeidsavtala med nabokommunenen våre. Vi har hatt samarbeid om landbruk med Haram, om Brannvern med Ålesund, om IKT med eit stor tal nabokommunar og så vidare og så vidare. I løpet av 2019 har vi inngått nye avtalar med Ålesund. Vi ser at det blir kostnadskrevjande for oss, men at det er heilt nødvendig med samarbeid og samhandling. Vi er for eksempel alt for små og sårbare til å kunne ha legevaktsteneste 24-7 i Giske.

Giske har saman med Ålesund og Sula inngått avtale med FN's smart city satsing og blitt ein del av Smart-by-programmet. Gjennom satsinga er det laga ein statusrapport for kommunane, målt ut frå berekraftsmåla og eit stor tal forskjellige parametere  knytt til disse. Alle byar som er med i programmet måles ut frå same parameter, her er det byar med frå heie verda. Kva skal ein bruke denne målinga til? Hensikta er å sette fokus på utvikling og forbetring på dei stadene vi no ser vi får dårlig skår, eit av dei er offentlig transport. Her deltek dei same kommunene samen med Møre og Romsdal fylkeskommune i utarbeiding av ein felles PAKT (Plan for Areal, Klima og Transport). Ålesund kommune har etablert Framtidslabben, lokalisert på NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter). Dette er ein smeltedigel for samhandling. Samhandling mellom kommuner, mellom det offentlige og det private, med utdanningsinstitusjonar, forskning etc etc. Giske har gått inn i partnerskapet. Eit anna viktig samhandlignsprosjekt er "Marine grunnkart", eller sagt på ein anna måte - skru på lyset under vatnet! Prosjektet blei i 2019 finansiert over statsbudsjettet i tillegg til kommunenens bidrag. 

Det blei stor jubel då Giske etter mykje areid både politisk og administrativt, og saman med Gjøsund utvikling vann fram og fekk tildelt Mudring av Gjøsundet som eit forskotteringsprosjekt for staten. Kommuna underteikna avtalen med departementet i juni, og starta umiddelbart prosjekteringa. Planen er at prosjektet skal ut på anbod våren 2020 med prosjektoppstart i løpet av 2. kvartal 2020.

KS uttrykker, knytt til kommunenes framtidige øknonomi, følgnade: "For å bevare må man endre". Dette gjeld og for Giske. Eit av fokusområda i 2019 har vært å starte arbeidet med å sjå på strukturen i oppvekstsektoren. Kor mange skuler skal Giske ha, kor skal dei vere lokalisert og kva leiarstruktur skal skulane ha er nokre av spørsmåla vi skal sette fokus på. Og kva med barnehagane, kva er effektivt og smart for framtida. Arbeidet vart satt i gang på slutten av året og skal etter planen ferdigstilles før sommaren 2020. I tillegg er administrasjonen i gang med å sjå på organisering av fellestenestene i kommuna. Dette prosjektet skal og ferdigstilles til somaren 2020. Innan teknisk eining er det arbeid med kvalitetsforbetring gjennom LEAN-prosessar. Dette gjer oss meir effektive og skal gi betre kvalitet i beslutnigsprosessar. 

Ei av dei viktigaste politiske hendingane i 2019 har vore kommunevalget. For administrasjonen er det alltid knytt spenning til kven som skal bli våre næraste overordna dei neste fire åra. Og eg vil tru at for dei som står fram som valgbare er det like stor spenning knytt til om ein blir valgt inn. Valdeltakelsen i Giske i 2019 var bra. I samband med valget vart ny kommunelov gjort gjeldande. Det er vedteke ny politisk organisering med to utvalg, eit livsløpsutvalg og eit teknisk utvalg. Eg synes eg har vore heldig med mine nyvalgte overordna. Politikarane framstår med løysingsvilje, stor samhandlingsånd og engasjement for Giske.

Eg er stolt av å arbeide i Giske kommune. Eg set stor pris på den frivillige innsatsen som vert utført. Eg er imponert over hundretals engasjerte medarbeidarar som kvar dag gjer sitt beste for innbyggarane våre. Dei går kvar dag på med løysingsvilje, respekt og viser stor endringsvilje, snur seg raskt når det er behov for det, og står trygt og støtt. Eg er stolt av tillitsvalgte og vernetenesten som står saman med leiinga når det stormar, og set klar agenda og ivaretek medarbeidarane når det er behov for det. 

Eg gler meg til fortsettelsen!

Fotograf: Staale Wattø, Sunnmørsposten