Overordna mål og satsingar

Giske kommune skal halde ein høg etisk standard i samsvar med etisk reglement. Reglementet vert årleg gått gjennom og drøfta i kommunestyret og med dei tilsette.

Giske kommune har eit overordna internkontrollsystem og arbeider med kontinuerlig forbetring på dagsorden.

Overordna mål

  • Giske kommune skal vere ute av ROBEK i løpet av 2019. Det skal vere økonomisk balanse i drifta kvart år i planperioden med avsetjing til disposisjonsfond kvart år i perioden, og årlege fondsavsetting skal vere 1,75 % av bruttoinntekter frå 2021. Økonomisk status vert rapportert månadleg til formannskapet og pr. tertial til komitear, formannskap og kommunestyre økonomi, teneste, personale/organisasjon, og samfunnsutvikling.
  • Tverrfagleg samarbeid skal leggjast til grunn for tilbod til brukarar med samansette behov.
  • Gjennomføring av omstillingsprogrammet «Tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av ny teknologi» held fram.
  • Nettbaserte løysingar for intern kommunikasjon og informasjon skal vidareutviklast
  • I utvikling av Giske-samfunnet skal det leggast vekt på tiltak og aktivitetar som bidreg til utvikling av eit heilskapleg syn på organisasjon og samfunn
  • Innbyggjarmedverknad mellom val skal ha høg fokus frå kommunen si side ut over det som følgjer av lov og forskrift. Arbeidet med å utvikle godt samspel med innbyggarane held fram i planperioden.
  • Giske 2020 vil levere gode tenester til innbyggarane og vere langt framme med digitale og teknologibaserte tenester. Dette føreset kompetente tilsette, evne til å gjere organisatoriske endringar og vilje til kontinuerleg å ta ut effektane som følger av teknologiske løysingar og arbeidsmetodar som vert valde. Dei næraste åra vil vere vår prøvetid i så måte. Giske kommune får ein ny og stor nabo i Nye Ålesund frå 01.01.2020. Dette gjer det nødvendig å avklare samarbeidsavtalar, kompetansekritiske forhold og tiltak for å utvikle Giske kommune vidare frå 2020.
  • I arbeid med utvikling av Giskesamfunnet skal kommunen, etter idéar frå Island, ta initiativ til fempartsprosjekt med føremål å utvikle trygge og gode oppvekstmiljø for barn og unge. Det offentlege, foreldre og nærmiljø skal ut frå sine ansvarsområde spele på lag for å oppnå dette målet.
  • Innbyggarane er sjølvhjelpte lengst mogeleg og har realistiske forventningar til kva kommunen kan levere av tenester. Gjennom dialog, medverknad og engasjement skal ein saman definere grensene for kva det offentlege kan tilby og kva den enkelte må ta ansvar for gjennom tilrettelegging ved livsendringar. Frivillige lag og organisasjonar har ei naturleg rolle i dette arbeidet.
  • Innbyggarmedverknad skaI ha fokus ut over det som følgjer av lov og forskrift. Samspel med innbyggarane skal ha høg prioritet. Tankegangen bak metoden «samskaping» skal nyttast som modell for arbeidet.
  • Vidare skal hovudmål for tenester, samfunnsutvikling, personal og organisasjon gitt i økonomiplanen følgjast opp.

Satsingar

  • Digitalisering og teknologibasert tenesteutvikling
  • Rus og psykisk helse, psykisk helseteam barn og unge, ØHD-tilbod
  • Næringsutvikling
  • Partssamarbeid
    1. Omstillingsprogrammet skal sikre kvalitet i alle ledd. Dette er ein grunnleggande tankegang i tenesteutviklinga til kommunen. I løpet av planperioden skal det utviklast kvalitetsplanar for kommunen sine tenester, der omstilling og digitale løysingar er sentrale element.
    2. Gjennomføring av omstillingsprogrammet «Tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av ny teknologi» som starta i 2016, held fram. Lokal handlingsplan for digitalisering, vedtatt av kommunestyret i juni 2016 er grunnlag for arbeidet.
    3. Kulturplan, Kvalitetsplan for oppvekst og Helse- og omsorgsplanen skal leggjast til grunn for vidare utvikling av tenestene.
    4. Tverrfagleg samarbeid i og mellom fagområde skal leggjast til grunn for tilbod til brukarar med samansette behov. Kommunen skal sikre at tenestene vert tilstrekkeleg koordinert.
    5. Innan utgangen av 2019 skal plan for ny administrativ hovudstruktur vere politisk behandla.