Vaksenopplæring

Vaksenopplæring omfattar opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar og flyktningar med rett til opplæring etter introduksjonslova, og grunnskuleopplæring for vaksne, eventuelt realkompetansevurdering på grunnskuleområdet.

For å legge til rette for ei større grad av integrering av innvandrarane i Giskesamfunnet, vart opplæringa lagt til Valderøya. Ein tok då i bruk lokale i tidlegare Valderøy barneskule. Tilbodet er i hovudsak lagt opp med norskopplæring og språkpraksis og andre tiltak som er del av introduksjonstilbodet. Kommunen kjøper lærartenester frå Folkeuniversitetet til denne opplæringa.

Vaksne som ikkje har grunnskuleopplæring kan ha rett på grunnskuleopplæring spesielt tilrettelagt for vaksne. Denne retten er heimla i opplæringslova kapittel 4A. Mange flyktningar har ikkje grunnskuleutdanning, eller dei har mangelfull grunnskule eller manglar vitnemål frå grunnskulen, og i 2018 var det ekstra mange som søkte om slik utdanning. Kostnadene til grunnskuleopplæring for vaksne skal - som annan grunnskuleopplæring - dekkjast innanfor rammetilskotet kommunen får. Kommunen kjøper grunnskuleopplæring for vaksne frå vaksenopplæringssenteret på Hareid.

Introduksjonslova kapittel 4 definerer kven som har rett og plikt til norskopplæring. Dei som har rett til slik opplæring har også rett på å få denne opplæringa gratis. Dei skal gjennomføre minimum 550 timar norsk og 50 timar samfunnskunnskap. Dei som har behov for det, kan ha rett til ytterlegare 2400 timar. Kommunen får øyremerka tilskot til norskopplæring til denne gruppa. Retten er tidsbegrensa slik at grunnleggande opplæring må takast ut i løpet av tre år, behovsprøvd opplæring må takast ut i løpet av fem år.

Budsjettet for vaksenopplæringa var på 659,000 kroner, medan dei samla kostnadane kom opp i 2.778.000 kroner, mot 1.352.000 kroner i 2017.