UngData-undersøkinga

Ung Data-undersøkinga

Ung Data-undersøkinga i samarbeid med ungdomsskulane, BUKS, kommunepsykolog, folkehelsekoordinator og einingsleiar vart gjennomført i 2017. Resultata er jobba med og det har blitt laga til filmar for å presentere resultata. Filmane er laga av Fuglefjellet i tett samarbeid med ungdommar frå BUKS og folkehelsekoordinator Torill Valderhaug. Ho har vore ute på skulane og presentert resultata. Torill og representantar frå BUKS (Barnas og Ungdommens KommuneStyre) presenterte resultata for kommunestyret i september.

Resultata frå undersøkinga vart fulgt opp i fellesmøte mellom BUKS, Komite for helse og omsorg, og komite for kultur og oppvekst 23. januar. Ei vidare utfordring blir å vurdere korleis og i kvar grad vi bør justere drifta og innovasjonen i kommunen for å forbetre oppvekstvilkåra for barn og unge i Giske.

På Giske kommune sine heimesider finn du ein fyldig presentasjon av Ung Data-undersøkinga.