Prosjekta "Aktiv ferie" og "Open hall"

"Aktiv ferie" og "Open hall"

Prosjekta «Aktiv ferie» og «Open hall» vart gjennomførte i samarbeid mellom bl.a. kultur inkludert frivilligsentral, flyktning og NAV. Finansieringa vart gjort gjennom statstilskot, kommunale midlar og eigeninnsats.

To dagar med «Aktiv ferie»-prosjektet vart gjennomført i vinterferien med besøk på Atlanterhavsparken, Fjellstua, dyreklubben og bowlingaktivitet. Vi fekk kr 400.000 som sikra vidare aktivitet i 2018 og 1. kvartal av 2019. I sommaren 2018 var det difor overnattingstur til Stryn og diverse aktivitetar lokalt i Giske og rundt om i regionen.

Ein planlagd rusfri konsert for barn og unge frå 13 år ute i Øygardshallen i haustferien vart avlyst pga for få selde billettar. Open hall vart gjennomført i samarbeid med idrettslaga og Vigra Valderøy Pistolklubb kvar søndag frå november fram til 3. mars. Det er generelt bra interesse for begge prosjekta, men det varierer sjølvsagt etter type aktivitet.

Rekneskapen viser eit meirforbruk innanfor teneste 2310. Dette skuldast i hovudsak eit nytt krav om 20 % kommunal eigenandel for å få desse midlane. Sjølv om det er mange einingar som er involvert i dette arbeidet, så har vi for enkeltheits skuld vald å føre alle utgifter på dette tenesteområdet sjølv om kultur ikkje har fått midlar til å dekke dette.

Dette er veldig viktige tiltak som styrkar folkehelsa i kommunen. Men vil vi understreke at det aller meste av det oss jobbar med i eininga I sanning er med på å styrke folkehelsa til innbyggarane våre.

Noko av det kjekkaste vi har gjort er Kulturdagen i Øygardshallen (eventhallen) på Giske. Dette ga folkehelse til tusen for både deltakarar, aktive, besøkande og arrangørar. Du kan lese meir i ein eigen artikkel.