Kulturskulen

Kulturskulen hadde 378 elevar med 43 på venteliste mot 316/66 og 362/89 i 207/2016. To grupper øvde i musikkbingen (9 musikanter) pluss to vaksne som øvde for seg sjølv.

Også kulturskulen arbeider med digitalisering. Det nye administrasjonsprogrammet som er implementert, skal lette administrasjon, fakturering og informasjon mellom skule, foreldre og elevar. I arbeid med elevane har ein tatt i bruk notasjonsprogram som ved sida av noteskriving kan brukast til arrangering og komposisjon. Skulen har kjøpt inn ein Boss 300 Loop-Pedal av same type som Jarle Bernhof og Ine Hoem brukar. Ein brukar også "Band in a Box", eit programder du kan bruke demolåtar eller registrere eigne låtar. Deretter kan du laste ned ferdige melodiar og komp frå programmet (midifiler) for sangsolistar eller andre solistar. Du kan også fjerne ulike spor slik at du f.eks. berre spelar eit av instrumenta. På nettet fins ulike videoar som presenterer korleis du kan spele ulike stykke. Du kan bruke iPad til alt dette. Det er gjort mykje spennande her noko ein også ser ut frå elevarbeid som blir presentert. Ei utfordring er sjølvsagt kompetanseheving, ei anna å halde seg oppdatert på godt verktøy. Dette skjer bl.a. gjennom fagdagar på starten av kvart arbeidshalvår, slik også i år.

For tredje året på rad er elev frå Giske kulturskule blitt tatt ut med kunstverk til Norsk kulturskoleråd sin årskalender! Den æra er det ikkje alle kulturskular som får oppleve!