Kulturkontoret

Måloppnåing

  • Stien på sør og vestsida av flyplassen som knyter saman Sørestrandvegen med Synesvegen, er fullført. Mange har etterlyst fast dekke på stien, men det låg ikkje inne i prosjektet. Dette er eit resultat av godt samarbeid mellom Avinor, Fylkesmannen, sysselsettingsprogrammet, kulturkonsulent og teknisk eining.
  • Einingsleiar er kommunen sin kontaktperson overfor Alnes og den UKL-status dei har fått (Utvalde KulturLandskap i jordbruket). Det er gjennomført tre møter i år. Einingsleiar har deltatt på 3-dagers samling i Bodø saman med grunneigarrepresentantar og representantar frå Fylkesmann og fylkeskommune for å bygge nettverk og hauste erfaringar frå andre. Arbeidet er i gang. Mykje skal avklarast innleiingsvis, så det er behov for ei samkøyring internt i kommunen. Einingsleiar har ansvar for dette. Kommunane vil få ansvaret for denne ordninga allereie frå 01.01.2020, så her må vi snart avklare korleis vi skal organisere dette ansvaret framover.
  • Plan for informasjon, skilt og stiar på Alnes: nemnte arbeidsgruppe for UKL-området vil bli brukt som ressursgruppe for einingsleiar i arbeidet med å realisere planen. Frivilligsentralen har levert materiale til klopper i turstiar ute på Alnes. Dette samarbeidet skjer i regi av Alnes felleseige og utmarkslag. Planen er no godkjent. Det står framleis att ein del planlegging før ein kan ta til på størstedelen av realiseringa. Vi kartlegg firma som kan levere skilttenester og som kan bistå i kvalitetssikring av arbeidet slik at vi leverer rett teneste på rett plass.
  • Vi ønskjer å utvikle ein samla plan for turar / stiar, skilting og informasjon på området Molnes – Roald. Det er gjennomført to møter med grunneigarar på Molnes og Roald, men det står att å få grunneigaravtalar, designe skilt og finansiere arbeidet før realisering. Her vil vi søkje støtte frå bl.a. Fylkesmannen. Det blir jobba vidare med prosjektet utover i 2019. Fylkesmannen, som er i Molnes verneområde, blir sterkt involvert. Det blir også Statens naturoppsynsmann i fylket. Arbeidet vil bl.a. skje som samarbeid med teknisk, kultur ved kommunalt sysselsettingsprogram, kulturkonsulent og einingsleiar.
  • Vi har fått etablert og grusa opp delar av stien i Kolvikparken. Vi må truleg etterfylle grus i løpet av 2019. Der er mykje nedfallsskog som må ryddast. Dette er tungt og omfattande arbeid.
  • Vi fekk tilslag om midlar frå både Riksantikvar (til kulturminne på Valderøya) og hos fylkeskommunen / -konservator (krigsfort på Budafjellet, Vigra). Kulturkonsulenten har fått avtale med grunneigarar og har hatt befaringar saman med fylkeskonservator for å avklare innhald tekst, plassering av informasjonstavler m.m. Informasjonsskilt er produsert og klart til utplassering når våren kjem.