Biblioteket

Måloppnåing

Biblioteket hadde 791 aktive personlege lånarar, ein reduksjon på 10% frå 2017 og 114 institusjonar i 2018, ein auke på 142% frå 2017. 34 av dei personlege lånarane bur i andre kommunar.

Biblioteket hadde 14.838 besøk i 2018, en svak auke frå året før.

Utlån: 17.293. Samanlikna med 2017 har utlånet gått ned med 1503 utlån. Nedgangen kan forklarast med nedgang i ebokutlånet som er halvert i høve fjoråret. Utlånet av papirbøker har derimot auka med 126 utlån frå i fjor. Grunnen til nedgang i ebokutlånet heng først og framst saman med ny avtale mellom forlaga og biblioteka, ein avtale som er langt dårlegare enn tidlegare og fører til eit svekka tilbod til brukarane av eBokBib. I tillegg må ein peike på at fram til 2017, så vart fornyingar av lån tatt med i utlånstalet i statistikken biblioteka leverer til Nasjonal-biblioteket. Frå 2017 tek vi med berre førstegongslån.

Biblioteket arrangerte klebyttedag i vår og haust. Dette vart ein kjempesuksess som ga godt besøk og veldig gode oppslag i ulike media. Det blir også gjennomført språkkafé – møte mellom innvandrarar og innbyggarar – to timar to gongar i månaden (annakvart tysdag). Her er det plass for fleire innbyggarar

Biblioteket var i 2018 også lokale for «bli kreativ kveld» som to tidlegare innvandrarar arrangerer. Dette er ein treffstad for innbyggarane, og noko som dei sjølve sakna den gong dei kom som nye til Giske kommune. Det blir også gitt litt finansiell støtte til dette flotte tiltaket. Vel verdt pengane!

Pga litt justering i personalkabalen på biblioteket har vi ikkje fått gjennomført så mange besøk i barnehagar og på skular som ønska. Ein har likevel vore på Godøy skule der 5. – 7. klasse som deltakarar i Norli sin lesekonkurranse vart premiert med besøk av forfattaren Marius Horn Molaug, 4 besøk til Tryggheim barnehage og eitt i Vigra barnehage. I samband med Sommarles besøkte vi alle fire barneskulane ved oppstart i juni og hadde stor sommarlesfest etter endt aksjon i september.

I samarbeid med flyktningetenesta arrangerte biblioteket «inkluderingsdag» på Valderøy barneskule i september. Målsettinga var å kople fleire aktørar i lokalmiljøa på øyane (bedrifter, personar, lag og organisasjonar) tettare saman. På trass av attraktivt trekkplaster iform at føredragshalar / underhaldar og spennande samtalar var det etter vår vurdering altfor få som fekk med seg dette tilbodet.

Biblioteket har også hatt 6 opne kveldsarrangement i løpet av hausten: to bokslepp, eit forfattarbesøk, eit bildekåseri, ei familieforestilling, ein poesikveld.

Biblioteket har i stor grad utnytta mulegheitene som digitale løysingar gir pr i år, ref e-bøker, aktiv nettside, bruk av Facebook, og websøk i bokkatalogen (Mikromarc) der du både kan fornye og reservere bøker, sende melding til biblioteket, få sms-melding når du skal levere og få nyheiter om litteratur for barn, ungdom og vaksne.

Arbeidet med meirope bibliotek og meiropen kommune har så langt tatt lengre tid enn vi kunne ønske, bl.a. fordi vi ikkje har klart å konkludere med aktuelle konsept. Formannskapet vedtok å utsetje sak om val av konsept slik at den skal vere behandla innan utløpet av 1. halvår 2019. I januar -19 vart det gjennomført fleire workshopar med innbyggaranei januar som grunnlag for og i samarbeid med arkitekt Aat Vos som skal lage mulegheitsskisser. Aat Vos er velkjent for sine moderne, attraktive og brukarpopulære moderne bibliotek, ref bl.a. Biblio-Tøyen og Ulstein Arena. Ny folkehelsekoordinator Anette Jahre er prosjektleiar.