8 Miljø og kultur

8 MILJØ OG KULTUR Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
Teneste Alle tal i heile 1000 2018 2018 2018 2017
2310 AKTIVITETSTILBOD BARN OG UNGE 582 248 248 118
2340 AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA - - - 2
2342 FRIVILLIGHETSSENTRAL 804 291 291 407
2423 MOT - PROSJEKTET 245 337 337 303
2730 KOMMUNALE SYSSELSETTINGSTILTAK 138 298 298 393
3620 FRILUFTSLIV 361 267 267 284
3650 KULTURMINNEVERN 113 162 162 111
3700 BIBLIOTEK 1 596 1 573 1 573 1 554
3750 MUSEER 266 279 279 263
3770 KUNST OG KUNSTFORMIDLING 178 175 175 176
3801 VIGRAHALLEN - - - 9
3810 IDRETT 271 337 337 265
3830 KULTURSKULE 2 606 2 667 2 521 2 409
3850 KULTURKONTORET 1 315 1 375 1 375 1 488
3851 ANDRE KULTURTILTAK 134 103 103 93
Sum gruppeansvar: 8 MILJØ OG KULTUR 8 610 8 112 7 966 7 875
Kultur og miljø dekkjer tenester som vist på rekneskapsoversikta ovanfor. Årsmeldinga oppsummerer dei viktigaste prioriteringane i 2018 utan å ta for seg kvar enkelt teneste, med vekt på brukarretta tenester utan å kommentere tenester der ein fordelar midlar til lag, organisasjonar og nærmiljø.

Investering

Investering
8 MILJØ OG KULTUR Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
Prosjekt Alle tal i heile 1000 2018 2018 2018 2017
4302 FLEIRBRUKSHALL VIGRA - -3 300 -3 300 -3 000
4303 SKILTINGPROSJEKT 12 - - -
4308 Skilt, Informasjon og tilrettelegging av Turvegar og kulturminne 69 150 150 -
Sum : 8 MILJØ OG KULTUR 81 -3 150 -3 150 -3 000

Økonomi

Eininga hadde eit meirforbruk på kr. 497.000 i 2018. Dette skuldast i all hovudsak tre faktorar:

  1. Bortfall av øyremerka statstilskot til frivilligsentralen på kr. 370.000. Midlane ligg i rammeoverføringa, men er ikkje innarbeidd i kultrbudsjettet.
  2. Manglande budsjettmessig finansiering av kommunal eigeandel til barnefattigdomstiltaka, ført over kultur sitt budsjett, meinst kr. 80.000 - minst 20% av statstilskotet på kr. 400.000.
  3. Gjennomføringa av Kulturdagane i Giske gjekk med eit underskot på kr. 40.000

For å minimere meirforbruket har eininga praktisert ein streng budsjettdisiplin for resten av tenesteområda i eininga. Vi har difor eit mindreforbruk innanfor tenestene idrett, MOT, kulturskule og kulturkontor.

Hovudmål

Kvalitetsplanar skal utviklast for alle kommunale tenester

Gjennomføring av omstillingsprogrammet «Tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av ny teknologi» held fram

Nettbaserte løysingar for intern kommunikasjon og informasjon skal vidareutviklast

I arbeidet med utvikling av Giske-samfunnet skal det leggast vekst på tiltak og aktivitetar som bidreg til utvikling av eit heilskapleg syn på organisasjon og samfunn

Innbyggjarmedverknad mellom val skal ha høg fokus frå kommunen si side over det som følgjer av lov og forskrift. Arbeidet med å utvikle godt samspel med innbyggarane held fram i planperioden

Måloppnåing

Miljø og kultureininga arbeider i stor grad i samsvar med dei kommunale hovudmåla for kommunen i 2018: tverrfagleg, tverrsektorielt og med vekt på innbyggarmedverknad der samspel står sentralt. Kulturplanen som vart vedteken 2016 inneheld mål og strategiar for eininga. Handlingsplanen i kulturplanen må rullerast i samband med budsjett 2020 for å vere i tråd med dei finansielle rammene.

Gjennom samspel med frivillige, grunneigarar, lag og organisasjonar skal ein i fellesskap vidareutvikle friluftslivet i kommunen i høve informasjon, skilting, tiltak for å hindre erosjon av området rundt, parkering m.m. Konklusjonane frå bålsamtalane i 2017 ga viktige innspel til arbeidet.

Høgdepunktet for Kulturdagane 2018 var arrangementet i Øygardshallen, som samla fullt hus. Eininga er flink til å utnytte mulegheiter til ekstern finansiering av arbeid som ein ønskjer å utføre.

Kulturskulen har arbeidd mykje med digitalisering, både av administrasjon og undervisning. Nytt administrasjonsprogram som skal lette administrasjon, fakturering og informasjon mellom foreldre, elevar og skule er implementert. I undervisninga har ein teke i bruk notasjonsprogram og "band in a Box" som kan brukast både i øving, komposisjon, arrangement og til akkompagnement ved framføringar. For tredje året på rad er ein elev frå Giske kulturskule fått med kunstverk til Norsk kulturskoleråd sin årskalender.

Det blir jobba svært godt i Frivilligsentralen. Det er framleis litt utfordrande med planlegging sidan det er mykje som skjer og mange folk skal sysselsettast.

Med eit aldersspenn frå 12-13 og til 16 år, så er det utfordrande å finne ei tenleg arbeidsform som fungerer fint for BUKS - (Barn og Unges KommuneStyre). Men ordninga er såpass ny at den toårige prøveperioden må fullførast (2019) før vi ev. tek grep.

UKM vart gjennomført med workshop i forkant og eit flott lokalarrangement. Diverre opplevde vi for første gong på snart 10 år ein større nedgang i deltakarantal

Personale

Eininga hadde 19 tilsette, medrekna dei to MOT-coachane, som for første gong er med i stillingsoversynet. Vi har eit nærver på 94% (korttids 98,8% og langtids 95,3%). Eininga har svært dedikerte og motiverte tilsette som ivrar etter å gi gode tilbod til innbyggarane våre. Nokre medarbeidarar jobbar ein god del timar i året dei ikkje får godskrive / betalt for. Vi må prøve justere dette over tid, i alle fall i den grad dei tilsette sjølv ønskjer dette.