Landbruk og viltforvaltning

LANDBRUK OG VILTFORVALTNING:

Giske er ein middels stor landbrukskommune i Møre og Romsdal. Kommunen kjøper landbrukstenester tilsvarande 0,5 årsverk frå Haram. Landbrukskontoret er sekretariat for viltnemnda i Giske kommune.

Etter ei kraftig strukturrasjonalisering har det dei siste fire - fem åra stabilisert seg med om lag 35 aktive gardsbruk i Giske. Desse gardsbruka driftar det meste av dei om lag 9000 dekar det er med jordbruksareal i kommunen. I Giske kommune er det også etter kvart synleg med jordbruksareal som ikkje er i drift, og som bør utgreiast nærare.

Det vert utført om lag 43 årsverk direkte i landbruksproduksjonen. Kvart årsverk i landbruket skaper ein til to arbeidsplassar i andre tilstøytande verksemder. Matproduksjonen og råvarer frå landbruket i Giske kommune har ein salsverdi på om lag 30 millionar kr i året. Om lag 80% av dette kjem frå mjølkebruka inkludert kjøttproduksjonen.

Kommunen si viktigaste oppgåve for å oppretthalde og utvikle landbruket i kommunen er ei stødig arealforvalting. Kommunen har no ein ny kommuneplan - å halde fast på planen skaper ro og forutsigbarheit for næringa.

Bestanden av hjort er aukande. Fellingsresultata er enda ikkje heilt klare, men resultata etter jakta vert om lag 75 -80 hjort og om lag 90 - 100 rådyr.