Lånegjeld, renter og avdrag

Lånegjeld, renter og avdrag 2018 2017 2016 2015 2014
Langsiktig lånegjeld(1.000kr) 1 055 919 1 039 234 1 032 404 995 894 990 653
Langsiktig lånegjeld, kroner per innbyggar *) 125 735 125 330 126 349 123 041 125 019
*) Basert på innbyggartal pr. 31.12.2018: 8 398 innb.

Langsiktig lånegjeld eigne lån var kr 999 600 000, formidlingslån var kr 56 319 054 pr. 31.12.2018.

Ubrukte lånemidlar eigne lån pr. 31.12.2018 var kr 48 780 700. Kalkulert/ikkje betalt avdrag i 2018 kr 31 882 044. Dette utgjer tilsaman kr 80 662 745.

Langsiktig gjeld ekskl. formidlingslån har i 2018 auka med 20 mill. kr. Langsiktig gjeld formidlingslån har i 2017 hatt ein nedgang med kr 3 314 621. Tabellen viser at kommunen si samla lånegjeld i perioden 2014 - 2018 har auka med 65,3 mill. kr.

Av langsiktig gjeld til investeringar kan ein rekne at 178,3 mill. kr gjeld lån innan vatn, avløp, slam og renovasjon, som restverdi pr. 31.12.2018 og avskrivingsgrunnlag for VAR-området i 2018.

Renter og avdrag på lån til Investeringar

Renter og avdrag på lån til Investeringar
Renter og avdrag på lån til investeringar(1000 kr) 2018 2017 2016 2015 2014
Renter løpande lån 25 498 25 884 28 214 25 731 26 326
Avdrag løpande lån 31 882 31 132 29 720 29 033 28 427
Sum renter/avdrag 57 380 57 016 57 934 54 764 54 753

KOSTRA

KOSTRA
2018 2018 2017 2017
1532 Giske Kostragruppe 11 1532 Giske Kostragruppe 11
Langsiktig gjeld i prosent av brutto driftsinntekter 270,7 229,9 274,3 226,8
Netto lånegjeld i kroner per innbygger 110 474 86 930 110 300 81 559
Arbeidskapital ex. Premieavvik i prosent av brutto driftsinntekter 29,3 17,0 31,5 16,4

Giske ligg i landstoppen i gjeld. Dette kjem av at det har vore satsa på store investeringar med nytt omsorgssenter og ny barneskule.

Når det gjeld langsiktig gjeld i høve brutto driftsinntekter ser ein at Giske kommune har ein nedgang på 3,6% medan resten av kostragruppa har ein auke på 3,1%. Netto lånegjeld i kroner per innbygger er omtrent stabilt med ein liten auke på kr 174 per inbyggar, eller 1,31% medan kostragruppa har ein auke på kr 5 371 eller 6,59%.

Dette viser at ei sterk prioritering av investeringane har gitt resultat i dempa gjeldsvekst. Giske kommune ligg fortsatt på eit høgt nivå i høve inntektene og det er fortsatt naudsynt å prioritere for å redusere gjelda ytterlegare.

Endring i arbeidskapital fortel i hovedsak kommunen sin betalingsevne er bedra eller forverra. Den vert beregna som omløpsmidler med frådrag for kortsiktig gjeld, korrigert for endring i ubrukte lånemidler. Arbeidskapitalecn er differansen mellom anskaffelse av midlar (inntekter og innbetalinger) og anvendelse (utgifter og utbetalinger) av midlar i regnskapet. Når anskaffelse er større enn anvendelse har arbeidskapitalen økt.

Begrepet arbeidskapital er misvisande då driftsregnskapet vert påverka av premieavvik (forskjellen mellom innbetalt pensjonspremie til livselskapa og beregna pensjonskostnad).

Oversikta syner at giske sin arbeidskapital er svekka frå 2017 til 2018, og at Giske kommune har betre arbeidskapital en gjennomsnittet i kommunegruppe 11. Dette kjem som følge av auken i ubrukte lånemidlar.