Utdrag av Giske Kommune sin rekneskap for 2018

Økonomisk oversikt drift - inntekter

Økonomisk oversikt drift - Driftsutgifter

Løn og sosiale kostnader utgjer ein stor del av kommune sine utgifter. Det vart i 2018 utbetalt 221 mill. kr i fastløn, ei auke på 2,98% frå 2017, men 2,11% under budsjett. Teknisk Beregnings- og Statistikkutvalget for Kommunesektoren (TBSK) rekna årslønsveksten fra 2017 til 2018 til 2,8 prosent. Variabel løn (unntatt sjukevikar over 16 dagar og permisjonar med refusjonsrett) hadde eit meirforbruk på 18,9 mill kr, 41,9% meir enn budsjett og 11,12% meir enn i 2017. Sosiale kostnader vart 1,4 mill. kr (1,77%) over budsjett. Dette skriv seg i hovudsak frå endringa i premieavviket.

Giske kommune hadde eit meirforbruk i høve budsjettert løn og sjukelønsrefusjon på 10,4 mill kr i 2018. Dels skriv dette seg frå for høgt budsjettert premieavvik som ikkje vart dekt av lavare pensjonskostnadar og bruk av premiefond, dette utgjorde 1,8 mill kr. Resten kjem i hovedsak frå meirforbruk innan tenestene knytt til oppvekst og pleie og omsorg.

Netto driftsutgifter per rammeområde

Netto driftsutgifter per rammeområde
Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
2018 2018 2018 2017
POLITISK STYRING 3 983 3 690 3 645 4 052
KOMMUNE LEIING - STAB 16 847 17 072 16 769 15 813
FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER 2 224 7 432 13 816 9 606
DIVERSE TENESTEOMRÅDE 10 020 8 715 8 645 8 099
OPPVEKST 201 600 186 449 183 914 185 331
BARN, FAMILIE, HELSE 44 018 40 866 40 336 41 308
PLEIE, OMSORG OG SOSIAL 128 947 120 313 118 197 122 281
MILJØ OG KULTUR 8 610 8 112 7 966 7 875
TEKNISK 51 513 43 350 42 711 50 226
KYRKJELEGE FØREMÅL 4 907 4 850 4 850 4 983
Fordelt til drift 472 669 440 849 440 849 449 574

Om ein samanliknar med rekneskap i 2017 justert for pris- og lønsvekst på 3,2% ser ein at driftsnivået har auka tilsvarande 8,7 mill. kr.