Skatt og rammetilskott

Giske kommune fekk i 2018 kr 447 952 877 i skatt og rammetilskot gjennom inntektssystemet. Dette var kr 6 893 877 meir enn budsjettert. Skatteinngangen for Giske kommune vart høgre enn budsjettert, i tillegg var det høg skatteinngang på landsbasis som gav utslag i høgre inntektsutjamning.

Øvrige generelle statstilskot

Kommunen fekk i 2018 utbetalt kr 1 569 828 i rentekompensasjon frå skulepakke, kyrkjepakke og omsorgsbustader. Dette var kr 830 172 lågare enn justert budsjett, og kjem av den lave lånerenta.

Det vart utbetalt 6,2 mill kr frå Havbruksfondet. Dette var det ikkje budsjettert med.