Finansinntekter / finansutgifter

Netto finansutgifter i 2018 vart kr 56 202 227. Finansplasseringar etter finansregl. § 8 gav eit tap på 747 320 mot ein budsjettert gevinst på 4,4 mill kr. Renteugifter vart 8,1 mill kr lavere enn budsjettert, dette som følgje av det lave rentenivået og utløp av ein fastrenteavtale. Samla vart netto finansutgifter vart ca 3,7mill. kr lavere enn budsjett. Til samanlikning var netto finansutgifter i 2017 på kr 43 503 695.

Alle tal i heile 1 000
Renter og avdrag på lån til investeringar 2018 2017 2016 2015 2014
Renter løpande lån 25 498 25 884 28 214 25 731 26 326
Avdrag løpande lån 31 882 31 132 29 720 29 033 28 427
Sum renter/avdrag 57 380 57 016 57 934 54 764 54 753
Alle tal i heile 1 000

Avkastning på kapital frå langsiktige kapitalplasseringar

Avkastning på kapital frå langsiktige kapitalplasseringar
Bank / forvaltar: Marknadsverdi/saldo pr. 31.12.2018 Renter / avkastning 2018
Carnegie Kapitalforvaltning aksjar, pengemarknad 6
ODIN 34 685 -315
Sparebanken Møre bankinnskot, aksjar, obligasjonar, eigenkapitalbevis. 78 469 -432
Sum: 113 160 -747

I tidsrommet 2000 – 2018 har Giske kommune hatt ei gjennomsnittleg årleg avkastning på 9,2 mill. kr pr. år, dvs. 167 mill. kr over 187 år.