Utdrag av Giske Kommune sin rekneskap for 2017

Økonomisk oversikt drift - inntekter

Økonomisk oversikt drift - Driftsutgifter

Løn og sosiale kostnader utgjer ein stor del av kommune sine utgifter. Det vart i 2017 utbetalt 215 mill. kr i fastløn, ei auke på 2,37% frå 2015, men 1,22% under budsjett. Teknisk Beregnings- og Statistikkutvalget for Kommunesektoren (TBSK) rekna årslønsveksten fra 2016 til 2017 til 2,5 prosent. Variabel løn (unntatt sjukevikar over 16 dagar og permisjonar med refusjonsrett) hadde eit meirforbruk på 15,9 mill kr, 47% meir enn budsjett og 14,2% meir enn i 2016. Sosiale kostnader vart 6,3 mill. kr (8,79%) over budsjett. Dette skriv seg i hovudsak frå endringa i premieavviket.

Giske kommune hadde eit meirforbruk i høve budsjettert løn og sjukelønsrefusjon på 13 mill kr i 2017. Dels skriv dette seg frå for høgt budsjettert premieavvik som ikkje vart dekt av lavare pensjonskostnadar, dette utgjorde 5,2 mill kr. Resten kjem i hovedsak frå meirforbruk innan tenestene knytt til oppvekst og pleie og omsorg.

Netto driftsutgifter per rammeområde

Netto driftsutgifter per rammeområde
Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
2017 2017 2017 2016
POLITISK STYRING 4 052 257 3 918 954 3 918 954 3 784 388
KOMMUNE LEIING - STAB 25 671 008 23 103 937 22 660 683 20 322 061
FELLESUTGIFTER/FELLESINNTEKTER 9 605 850 6 523 848 12 300 440 4 725 516
DIVERSE TENESTEOMRÅDE 8 098 841 8 378 708 8 303 816 10 544 468
OPPVEKST 185 330 749 182 157 506 173 309 793 175 775 976
BARN, FAMILIE, HELSE 41 308 396 40 905 749 47 018 119 45 626 287
PLEIE, OMSORG OG SOSIAL 112 422 307 109 140 319 105 920 831 105 965 853
MILJØ OG KULTUR 7 875 152 7 862 865 7 726 352 7 771 938
TEKNISK 50 226 167 44 452 133 45 285 031 52 803 650
KYRKJELEGE FØREMÅL 4 983 135 4 928 220 4 928 220 5 100 264
Fordelt til drift 449 573 862 431 372 239 431 372 239 432 420 400

Om ein samanliknar med rekneskap i 2016 justert for pris- og lønsvekst på 2,5% ser ein at driftsnivået har auka tilsvarande 6,4 mill. kr.