• Forside
  • Organisasjon og medarbeidarar

Organisasjon og medarbeidarar

Tal på tilsette - årsverk per 01.12.2017

652 tilsette[1]485 årsverk[2] 509 kvinner (386 årsverk)og 143 menn (100 årsverk). 78,1 % kvinner og 21,9 % menn. Desse er fordelt slik på dei ulike sektorane:


[1] Talet på tilsette i 2016 var 635 fordelt på 472 årsverk
[2] Alt talmateriale her er henta frå KS sin statistikkpakke. Den er basert på PAI-registeret (personaladministrativt informasjonssystem) som er eit KS-register basert på opplysningar frå kommunane HRM-system. Alle løna tilsette per 01.12.2015 med unntak av folkevalde, lærlingar, unge arbeidstakarar og engasjement kortare enn 6 månader er med. Timelønte i meir enn 14 t/v er også med.

Tilsette fordelt på kjønn og sektor

Tilsette fordelt på kjønn og sektor
Sektor Kvinner 2014 Kvinner 2015 Kvinner 2016 Kvinner 2017 Menn 2014 Menn 2015 Menn 2016 Menn 2017
Totalt 509 (79%) 499 (79,6%) 504 (79,4%) 509 (78,1%) 135 (21%) 128 (20,4%) 131 (20,6%) 143 (21,9)
Sentral­­adm. 19 21 22 18 5 4 4 4
Oppvekst 224 212 209 209 46 37 45 50
Helse/sosial/plo 251 248 257 264 36 35 37 40
Kultur 6 6 5 6 6 6 6 6
Teknisk 6 6 11 11 42 40 39 41
Ymse 3 6 1 0 6 2

Heiltid - deltid

Av våre 652 tilsette arbeidde 267 (41%) i heil stilling. Dette er ei svak auke frå 2016 då 39,5 % arbeidde fullt.[1] 402 (63%) av våre tilsette arbeidde i 75% stilling eller meir. Gjennomsnittleg stillingsbrøk for ansatte er 74%[2]

Fordelinga av tilsette, stillingsbrøk og kjønn ser slik ut:



[1] I samanliknbare kommuner (kommunegr. 11) arbeidde 42 % heiltid.
[2] I samanliknbare kommuner (kommunegr.11) er gjennomsnittleg stillingsbrøk for ansatte 76%.

Tilsette fordelt på kjønn og stillingsbrøk

Tilsette fordelt på kjønn og stillingsbrøk
Stillingsprosent 2014 % 2015 % 2016 % 2017 %
0 – 24,9 % Alle 62 9,6 75 12 75 11,8 (9,1) 72 11 (9,0)
Kvinner 35 6,9 45 9 44 8,7 (7,9) 43 8,4 (7,8)
Menn 27 20 30 23,4 31 23,7 (13,7) 29 20,3 (13,9)
25 – 49,9 % Alle 50 7,8 43 6,9 34 5,4 (7,6) 50 7,7 (7,5)
Kvinner 45 8,8 37 7,4 27 5,4 (7,9) 39 7,7 (7,7)
Menn 5 3,7 5 4,7 7 5,3 (6,4) 11 7,7 (6,8)
50 – 74,9 % Alle 136 21,1 123 19,6 124 19,5 (20,1) 118 18,1 (19,3)
Kvinner 112 22 106 21,2 111 22(22,3) 99 19,4 (21,5)
Menn 24 17,8 17 13,3 13 9,9 (11,5) 19 13,3 (11,0)
75 – 99,9 % Alle 153 23,8 147 23,4 151 23,8 (21,8) 145 22,2 (21,9)
Kvinner 145 28,5 139 27,9 143 28,4 (24,9) 139 27,3 (25,0)
Menn 8 5,9 8 6,3 8 6,1 (9,8) 6 4,2 (10,3)
100 % Alle 243 37,7 239 38,1 251 39,5 (41,4) 267 41 (42,2)
Kvinner 172 33,8 172 34,5 179 35,5 (36,9) 189 37,1 (38,0)
Menn 71 52,6 71 52,3 72 55,0 (58,6) 78 54,5 (58,0)

Lønsutvikling - kvinner og menn

78,1% av dei tilsette i Giske kommune er kvinner. 14 av 19 leiarar i rådmannen sitt leiarforum er kvinner (74 %)

Lønsutvikling rådmannen sitt leiarforum (kommunalsjefar, einings- og stabsleiarar)

Lønsutvikling rådmannen sitt leiarforum (kommunalsjefar, einings- og stabsleiarar)
2014 2015 2016 2017
Snittløn kvinner i leiarforum (eksl. rådmann) 654 058,- 657 356,- 671 681,- 696 442,-
Snittløn menn i leiarforum 670 600,- 687 714,- 705 927,- 714 609,-
Kjønn Grunnløn 2014 Årsløn 2014 Grunnløn 2015 Årsløn 2015 Grunnløn 2016 Årsløn 2016 Grunnløn 2017 Årsløn 2017
Alle 35 625 427 500 36 501 438 012 37 533 450 396 38 478 461 736
(38 538) (462 456)
Kvinner 35 086 421 032 36 034 432 408 37 077 444 924 38 236 458 832
37 952 (455 424)
Menn 38 049 456 588 38 502 462 024 39 442 473 304 39 414 472 968
(40 697) (488 364)

Sjukefråvær

Trass i god jobbing med nærværsarbeid har sjukefråværet auka frå 8,99 % i 2016 til 9.48[1]

Merk at tala i tabellen under er henta frå KS sitt PAI-register i perioden 4 kvartal 2016 t.o.m. 3. kvartal 2017.Sjukefråværsprosenten henta frå Giske kommune sitt løns og personalsystem er i same periode 7,8 %. Kvartalsvis var utviklinga i 2017 slik (kilden er kommunen sitt HRM-system): [2]:




[1] KS forklarer ulikheitene mellom tal henta frå KS og tal henta frå andre kilder slik:
Det kan være en nivåforskjell mellom tallene til KS og tallene fra andre kilder, for eksempel den enkelte kommunes lønns- og personalsystem. Dette skyldes at det er flere ulike metoder for å beregne sykefravær, og innebærer ikke nødvendigvis at noen av tallene er gale. De viktigste forskjellene er i de fleste tilfeller hvilke grupper som inkluderes og hvor mange mulige dagsverk som brukes. Når det gjelder mulige dager bruker KS 196 dager for undervisningspersonell og 235 dager for øvrige ansatte. Tallene som er publisert på www.ks.no/fravarstall er tatt ut på fastlønte hovedstillinger, og er uten timelønte, vikarer og bistillinger. Bare ansatte som har vært ansatt i hele rapporteringsperioden på 12 måneder er med i dataene KS mottar, så personer i korte engasjementer kommer ikke med. Gruppene KS har holdt utenfor har typisk lavt fravær. Hvis man velger et annet antall mulige dager eller inkluderer andre grupper ansatte, kan det har stor innvirkning på tallene. KS bruker selvsagt samme beregningsmetode og samme utplukk for alle publiserte tall. Våre tall kan derfor brukes til å sammenligne tall kommuner i mellom, se på utvikling over tid eller sammenligne ulike fraværstyper eller fravær i ulike sektorer. Man kan imidlertid ikke sammenligne KS' tall med tall fra lønns- og personalsystemet.
[2] Frå PAI-statistikk, sjukefråvær i perioden 4.kvartal 2016 til og med 3.kvartal 2017.


Utvikling i sjukefråvær (Pai-tal)

Utvikling i sjukefråvær (Pai-tal)
Sektor Totalt % 2014 Totalt % 2015 Totalt % 2016 Totalt % 2017 Legemeldt 2017
Totalt 9,95 8,37 8,99 (10,04) 9,48 (10,10) 8,48 (8,85)
Administrasjon 5,73 3,97 10,5 (6,95) 6,17 (7,21) 5,73 (6,29)
Undervisning 9,39 9,67 8,55 (8,53) 8,36 (8,48) 7,3 (7,27)
Barnehagar 9,84 7,7 7,79 (12,44) 13,27 (12,34) 12,58 (10,76)
Helse/ plo 11,87 8,09 9,82 (11,56) 10,88 (11,58) 9,79 (10,27)
Teknisk 6,72 8,33 6,24 (5,61) 4,52 (5,81) 3,22 (4,96)
Anna 0 (8,30) 3,22

Sjukefråvær - tal henta frå Giske kommune sitt løns- og personalsystem

Sjukefråvær - tal henta frå Giske kommune sitt løns- og personalsystem
2014 2015 2016 2017
1.kv 8 7,6 7,6 9,7
2.kv 8 5 7,4 8
3.kv 7,8 4,9 4,9 5,6
4.kv 7 5,7 7,7 7,5

Sjukefråvær fordelt på alder (Pai-tal)

Sjukefråvær fordelt på alder (Pai-tal)
Alder Samla Samla Samla Samla
2014 2015 2016 2017
Totalt 9,95 8,37 8,99 9,48
25 – 29 år 2,45 8,64 12,27 11,53
30-39 år 12,22 7,77 9,67 10,54
40-49 år 9,21 8,48 7,87 10,59
50-59 år 8,06 8,62 9,66 7,9
Over 60 år 13,33 8,94 7,86 7,97

Rekruttering - kompetanseheving

Rekruttering til ledige stillingar i Giske kommune går på det jamne greitt -vi har fått tilsett gode søkjarar til dei fleste ledige stillingar. Vi skulle likevel ønskje oss lengre søkjerlister til sjukepleiestillingar, psykolog og spesialpedagogar. I åra som kjem vil vi til liks med andre kommunar mangle fagfolk, dette gjeld både innan oppvekst- og omsorgssektoren. Vi må jobbe målretta både for å redusere talet på ufaglærte, og for å styrke spesialistkompetansen. Det er eit mål å auke talet op menn i omsorgssektoren, og vi deltek i prosjektet «Menn i helse». Vi legg godt til rette for tilsette som ønskjer å styrke kompetansen sin med stipend- og permisjonsordningar. Når det gjeld omsorgssektoren mottok vi i 2017 midlar frå fylkesmannen til fleire relavante etter og vidareutdanningar – til saman 16 personar. I tillegg er det gjennomført kursing i grunnleggande digitale ferdigheiter for om lag 70 tilsette.Satsinga på auka digital kompetanse må halde fram.

I oppvekstsektoren er det også i 2017 gjennomført ei omfattande kompetanseauke i digitale verkty og læringsmetodar. Barnehagane i Giske arbeider med kreativ bruk av digitale verktøy, i workshops og nettverk med pedagogisk bruk av blant anna iPad. Koding i barnehagen er ein del av satsinga. I 2017 arrangerte oppvekst i Giske konferansen «Digital oppvekst» med 400 deltakarar. Av uformell kompetanse er Giske realfagskommune, dette er eit utviklingsarbeid initiert av Kunnskapsdepartementet ut frå nasjonal realfagsstrategi «Tett på realfag». Hausten 2017 fekk Giske kommune etter søknad finansiering for to nye år.Vi ser at andelen fagarbeidarar i barnehagesektoren er på veg opp, dette grunna målretta arbeid med undervisning i teoridelen av fagbrevet for barnehagetilsette.

Giske kommune inngjekk ilag med nabokommunanen avtale med NTNU om regionale vidareutdanningstilbod når det gjeld lærarar. Fagsamlingane er i Ålesund og staten dekkjer studieavgifta på kr. 53.600 per deltakarar, - dette er dermed eit godt tilbod både for skuleeigar og den enkelte lærar. Hausten 2017 starta tilbod i engelsk for 1.-7. trinn. Av totalt 12 lærarar som starta vidareutdanning hausten 2017, starta seks på dette kurset. To andre starta starta på engelsk på andre nivå. I tillegg studerer ein matematikk, to norsk, ein naturfag og ein studerer andrespråkspedagogikk. Tre avdelingsleiarar starta på rektorutdanning hausten 2017. Av dei ni som starta vidareutdanning hausten 2016, fullførte 8 si utdanning våren 2017- sju av desse studerte matematikk og ein studerte norsk.

I samarbeid med Sunnmøre kommunale opplæringskontor rekrutterer vi lærlingar. Målet er at vi skal ha minst 1 lærling per 1000 innbyggar og vi hadde førre året 7 plasser, fordelt på helsefag, barne og ungdomsarbeidar og institusjonskokk. Ein lærling frå Giske kommune deltek i «rekrutteringspatruljen» som besøkjer ungdomsskulane i regionkommunane for å motiver ungdom til å ta helsefagleg utdanning.

I samband med innføring av nye digitale verkty i stab som leiarar på alle nivå skal bruke er det gjennomført omfattande kursing og brukarstøtte.

Partssamarbeid - Verneteneste

Partssamarbeidet har vore eit satsingsområde i 2017, og partane har ilag utarbeidd dokumentet « Partssamarbeid i Giske kommune – mål, praktisering og gjensidige forventingar». Formålet med dokumentet er å tydeleggjere felles mål, avklare praktisering, gjensidige forventningar. I tillegg til dette dokumentet har partane i lag arrangert to interessante heildagssamlingar om temaet, det er etablert ei ordning der tillitsvalde deltek på enkelte av rådmannen sine leiarsamlingar, og det faste månadlege møter mellom rådmannen, personalsjef og to tillitsvalde – ordførar vert invitert til desse samlingane. Fokuset har ført til eit meir systematisk og profesjonelt partssamarbeid. Det har utvikla seg ei større forståing for partane sine roller og kva omsyn dei må og skal ta i sitt arbeid. Det er semje om brukarfokus: det overordna målet med partsamarbeidet er å levere best mulig tenester til brukaren og innbyggarane.

Vernetenesta fungerer godt, i HMS – utvala i einingane samarbeider verneombod, tillitsvalde og leiarar om arbeidsmiljø og IA-spørsmål. Alle verneombod er invitert til fire samlingar i året der relevant opplæring og bevisstgjerning av vernetenesta si rolle er tema. I 2017 har hovudfokuset vore på nytt elektronisk avvikssystem og HMS – arbeid generelt.