Regulering, plan og grunnkjøp

Hovudsaka for plan var å få ferdig kommuneplan, arealdelen. I tillegg vart det handsama fleire (private) reguleringsplanar. Grunna mange merknader og endringar måtte kommuneplanen ut på andre høyringsrunde og ny handsaming i kommunestyret med nye endringar vart saka ikkje ferdig i 2017 som planlagt. På den andre sida er dette ei av dei største sakene i kommunen og grundig saksbehandling med politiske vurderingar både nødvendig og nyttig. Det vart lagt ned eit stort arbeid i medverknad og vurdering av innkomne merknader for å få ein best mogeleg plan. Det vart skifte av planleggar pga. oppseiing men for å avslutte kommuneplanen leigde kommunen inn planleggaren for å fullføre arbeidet som var i sluttfasen. Dette gav ein tilleggskostnad men vart gjort ut frå rasjonelle grunnar: kontinuitet i arbeidet og meir effektivt.

Arbeid med kommunedelplan for artsmangfald har også kome godt i gang og vil bli ferdig i 2018.

Grunnkjøp er i hovudsak knytt til og blir utgiftsført på ulike prosjekt. Det er to stillingar knytt opp mot grunnkjøp som inngår i nødvendig samarbeid for gjennomføring av prosjekt og einingsarbeid og einingsleiing.