Kommunalt kartverk og oppmålingsforretning

Området kommunalt kartverk og oppmåling vart delt i 2017 ettersom oppmåling er sjølvkost (fondbalansering frå år til år), medan kommunalt kartverkt ikkje er det. Inntektene frå fellesområdet vart ved ein feil oppført både på kommunalt kartverk og oppmåling med det resultat at kommunalt kartverk fekk om lag million kroner i negativt resultat.

Det positive driftsresulatet for oppmåling skuldast ein kombinasjon av større saksinngang enn forventa, samt eit generelt mindre forbruk på kjøp av oppmålingstenester, lønnsutgifter mm. Fond er no på kr. 1.052.697. For 2017 vart det feilaktig budsjettert eit overskudd på 475.161, dette var feil då sjølvkostområdet ska gå i null.