SFO - Skulefritidsordning

SFO tenesta hadde ei ramme på kr 1.091.000 medan rekneskapen viser kr 1.278.000,eit meirforbruk på kr 187.000. Det ordinære SFO tilbodet skal vere sjølvfinansiarende men ekstrautgifter til barn med særlege behov (ekstra bemanning) må dekkjast av kommunen. Kommunen har etterkvart mange barn som treng ekstra oppfølging og dette aukar dei kommunale utgiftene. SFO hadde 256 born i 2017 (273 i 2016): 30 på Giske 27, Godøya 31, Vigra 64 og Valderøya 134. Tala varierer litt gjennom året, dette er per 1.12.