Biblioteket

Måloppnåing

Biblioteket hadde 880 aktive personlege lånarar (27,9 % auke frå 2016) og 69 institusjonar i 2017. 47 av dei personlege lånarane bur i andre kommunar. Samla var det 14057 besøk i biblioteket med 18.796 utlån. Samanlikna med 2016 har utlånet auka heile 38,9 % i løpet av 2017. Auka er størst i utlån av barnebøker, men også gjeld også utlån av bøker til vaksne. Fram til 2017 vart fornyingar av lån tatt med i utlånstalet i statistikken biblioteka leverer til Nasjonal-biblioteket, frå 2017 skal vi berre ta med førstegongslån. Av utlånet utgjer ebokutlånet 3149 lån (= 42,6 % av auken). Her er det i stor grad Vigra skule som har bidrege, ved at alle elevane i 4.-7. klasse har tatt i bruk eBokBib. Samla kan ein konkludere med ei veldig positiv utvikling for biblioteket. Målretta arbeid og enkelttiltak fører til gode resultat: Sommarlesaksjonen med skuleturné med Maria Parr. Med Facebook nådde ein ut informasjon og «gladsakar», mykje av dette delt vidare i fb-gruppene "Engasjert i Giske" og "Godøya – tips og info" og vil nå endå vidare med Instagramkonto som vart oppretta før jul. Biblioteket dreiv kontinuerleg ein-til-ein-opplæring over skranken i Micromarc "heile biblioteket i lomma" noko kundane synest vart eit godt tilbod. Programmet er enkelt og brukarvenleg.

Meirope bibliotek vart ikkje realisert i 2017 fordi planane vart utvida til: «Meirope kommune» med mange fleire involverte. Det blir arbeida vidare med dette i 2018.