Miljø og kultur

Alle tal i heile 1 000 Regnskap Per.b(end) Budsjett Regnskap
8 MILJØ OG KULTUR 2017 2017 2017 2016
Teneste
2310 AKTIVITETSTILBOD BARN OG UNGE 118 214 302 199
2340 AKTIVISERING AV ELDRE OG FUNKSJONSHEMMA 2 - - -
2342 FRIVILLIGHETSSENTRAL 407 298 301 65
2423 MOT - PROSJEKTET 303 341 337 307
2730 KOMMUNALE SYSSELSETTINGSTILTAK 393 309 298 336
3620 FRILUFTSLIV 284 267 276 273
3650 KULTURMINNEVERN 111 162 168 233
3700 BIBLIOTEK 1 554 1 569 1 546 1 460
3750 MUSEER 263 304 54 300
3770 KUNST OG KUNSTFORMIDLING 176 150 38 150
3801 VIGRAHALLEN 9 20 - -
3810 IDRETT 265 334 515 387
3830 KULTURSKULE 2 409 2 414 2 407 2 491
3850 KULTURKONTORET 1 488 1 378 1 357 1 389
3851 ANDRE KULTURTILTAK 93 103 127 178
3860 KOMMUNALE KULTURBYGG - - - 4
Sum MILJØ OG KULTUR 7 875 7 863 7 726 7 772
Kultur og miljø dekkjer tenester som vist på rekneskapsoversikta ovanfor. Årsmeldinga oppsummerer dei viktigaste prioriteringa i 2017 utan å ta for seg kvar enkelt teneste, med vekt på brukarretta tenster utan å kommentere tenester der ein fordelar midlar til lag, organisasjonar og nærmiljø.

Investering

Investering
Alle tal i heile 1000 Regnskap Buds(end) Budsjett Regnskap
MILJØ OG KULTUR 2017 2017 2017 2016
Utgifter - - - 2 125
Inntekter -3 000 -3 300 -3 300 -2 125
Sum Investering MILJØ OG KULTUR -3 000 -3 300 -3 300 -
Eininga har ikkje investeringstiltak i 2017, men har fått utbetalt kr 3,0 mill. i spelemidlar.

Økonomi

Eininga leverte eit resultat nær balanse, med eit meirforbruk på kr 12.000. Det er god budsjettkontroll, tett oppfølging av budsjett og verksemdsplanen. Politisk var det behandla 24 kultursaker (16 – 2016, 19 - 2015).

Hovudmål

Kvalitetsplanar skal utviklast for alle kommunale tenester

Gjennomføring av omstillingsprogrammet «Tenesteutvikling gjennom digitalisering og bruk av ny teknologi» held fram

Nettbaserte løysingar for intern kommunikasjon og informasjon skal vidareutviklast

I arbeidet med utvikling av Giske-samfunnet skal det leggast vekst på tiltak og aktivitetar som bidreg til utvikling av eit heilskapleg syn på organisasjon og samfunn

Innbyggjarmedverkand mellom val skal ha høg fokus frå kommunen si side over det som følgjer av lov og forskrift. Arbeidet med å utvikle godt samspel med innbyggarane held fram i planperioden

Måloppnåing

Miljø og kultureininga arbeider i stor grad i samsvar med dei kommunale hovudmåla for kommunen i 2017: tverrfagleg, tverrsektorielt og med vekt på innbyggarmedverknad der samspel står sentralt. Kulturplanen som vart vedteken 2016 inneheld mål og strategiar for eininga, men vil sjå nærare på denne med tanke på kvalitetsplanperspektivet. Det er også tatt viktige steg framover i forhold til teknologi men ein kom ikkje så langt som planlagt (meiropen kommune).

Samarbeidet med frivillige og på tvers av i kommunen var godt. Konkret kan ein elles trekke fram: Barnas og Ungdommens KommuneStyre (BUKS) vart oppretta. Frivilligsentralen nådde ut til mange med sine tilbod og tenester. Det blei arbeidd aktivt med å få tak i eksterne middel for kommunale prosjekt og ikkje minst for lag og organisasjonar. Dette er tidkrevjande men gir stor effekt når ein lukkast både i form av arrangement, bygg og anlegg.

Teknologi og omstilling var eit satsingsområde og det vart tatt i bruk nye digitale arbeidsmåter med webløysinga Micromarc, "heile biblioteket i lomma" via mobil, Facebook som aktiv kanal for brukarane, eigen Instagram konto, og Speedadmin (administrasjonsprogram for kulturskulen) med kommunikasjonsløysing til elev og foreldre. Arbeidet med meirope bibliotek er i gang men krev koordinering og har vist seg å vere utfordrande då det vart kopla saman med "meiropen kommune". Men prosjektet vil gi eit løft og nye tenester når det er på plass. Omstillingsarbeidet krev også opplæring i ny teknologi og nytenking når ein skal inn i ukjent landskap. Einingsleiar gjekk inn i styret til The North West AS. Selskapet skal arrangere konferansen for å forsterke og utvikle framtidige arbeidsplassar, utdanning, urbanisering, natur og kultur. Første arrangement 18. – 21. april.

24 politiske saker (2016: 16) til kommunestyre, formannskap, namnenemnd, komité for oppvekst og kultur. Giske ungdomsråd / Barnas og ungdommens kommunestyre (BUKS) behandla 12 saker i løpet av året.

Personale

Eininga som hadde 16 tilsette (2016: 17) som har eit nærver på 93,1% (korttids 99,2% og langtids 93,8%). Dette er noko dårlegare tal enn tidlegare år som var på 96,5%/ 95,9% i 2016/ 2015. Det var leiar og personalmøte etter plan: Leiarane møtes ca 8 gongar i året og det var 3 personalmøte, der dei eine var ei to dagars samling i august med tema arbeidsmiljø. Dei tilsette deltok også i faglege fylkessamlingar men deltaking kurs og konferansar etter streng prioritering. Frivilligsentralen fekk statlege midlar til kompetanseheving.