MOT-prosjektet

MOT-coachane besøker ungdommane til saman 15 gongar i løpet av dei tre åra dei går på ungdomsskulen (Godøya og Valderøya). Prinsippa i arbeidet er å jobbe i forkant, sjå heile mennesket, forsterke det positive, og å bruke vaksne og ansvarlege kulturbyggarar til å inkludere andre.

Vi skulerte tre «Unge MOT-leiarar» som profilerer MOT i andre kanalar enn skulane. Vi skulerer årleg nye Unge MOTivatorar. Dette er 9.-klassingar frå begge ungdomsskulane som er til støtte for elevane utanom besøka.

Ein viser også eiga sak med rapport i kommunestyret: Mot Årsrapport 2016 2017