Kulturskulen

Kulturskulen hadde 316 elevar med 66 på venteliste mot 362/89 og 338/67 i 2016/2015. To grupper øvde i musikkbingen (9 musikanter) pluss to vaksne som øvde for seg sjølv Innføring av ny rammeplan for kulturskulen kom godt i gang med flest elevar i breidde og kjernefag. Det er ikkje elevar i fordjupingsfag slik det er definert i rammeplanen. Kulturskulen gir barn og unge opplæring til glede både for dei og lokalsamfunnet. UKM gir mange talent ei scene til glede for eit stort publikum. med eksterne midlar vart Snapchat prøvd ut som ein god informasjons- og marknadsføringskanal for UKM 2017. Samarbeid med grunnskulen, "karusell" som del av musikkundervisninga kom ikkje i gong, truleg grunna betaliingskravet.