Skulehelseteneste og helsestasjon

Helsestasjonen har hatt oppfølging av 2129 barn under 18 år, 110 svargerskapskontrollar, 62 barselsbesøk av jordmor innan 2 dg, 88 besøk av helsesøster innan 2 veker. Helsestasjonen og skulehelsetenesta er styrka dei siste åra mellom anna gjennom statstilskot. Dette har gjort det mogleg å arbeide meir med førebyggande tiltak, tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og generelt vere tettare på barna. Helsestasjonen har mellom anna gitt vegleiing til føresette, arbeidd med livsstilsendring i familiar, drive jentegrupper og depresjonsmestringskurs for ungdom. I samarbeid med psykisk helseteam har det blitt gjennomført undervisning om psykisk helse i alle skulane i kommunen. Dette fortset vidare. Vi har nådd målet om å implementere krav i vegleiaren for barselomsorg. Ei utviding av jordmorressursen har blant anna gjort dette mogleg. Jordmor kartlegg også moglege risikofaktorar og involverer andre tenester på tidleg stadium. Det vart i 2017 starta opp tverrfagleg fødselsførebuande kurs for førstegongsforeldre.